Vinter

Posted by Ragnhild Bjåen on

Vinter

Eit nytt år er på veg. Og me er inne i ein ny vinter. 

I fjellheimen i Setesdal har det kome lite snø til no, ein uvanleg desember og start på januar. 

Men kanskje er det godt for dyra i fjellet?

Reinen kan finne seg beite - lav, lyng, visna gras - utan å  måtte grave så djupt. 

Så lenge det ikkje er islagt. 

Vekslinga mellom mildver og regn med kulde kan dekke berg og rabb med blank is. Det er det hardaste vèrlaget for reinsdyr. Isen kan vera så hard at dei ikkje klarer å slå seg gjennom med klauvene. Tennnene må skrape av dei tynne laga av lav på stein og fjell. Ofte trekker dyra ned i skogkanten, der snøen er lausare, men djupare. Og der dei kan finne lav på trestammer som kan spe på den sparsommelege kosten. 

Det er harde omgjevnader å leve i. Og reinen er ekstremt godt tilpassa eit kaldt klima med lite tilgjengeleg mat vinterstid. Men ein flokk med reinsdyr treng store område for å finne nok mat til alle. Og dei må få gå i fred, sleppe å bruke unødvendig energi på å flykte. 

  • Dei går mot vinden - alltid mot vind- for å vita kva som ligg framføre dei.
  • Dei kan lukte lav under 60 cm snø.
  • Dei kan sjå skuggar i snøkvite og snømørke flater. 
  • Dei treng ikkje bruke energi på å halde varmen før temperaturen vert under -40 grader. 
  • På ein kvadratcentimeter av gråbrun reinpels er det 2700 luftfylte hår. 

Når tilhøva endrar seg vil reinen naturleg vandre på leiting etter næring og ro. Eit område med ulike kvalitetar gjev fleire mogleghetar når vèr og vind endrar seg. 

Høgfjell med frodige grassnøleier og avblåsne lavmatter, storrike myrar til vår- og haustbeite, luftige skuggesider i varme sommardagar, bratte vårlier, vinterskog med bærlyng og attåtbeite til islagde fjell. 

Dei leitar etter dei beste beiteplassane etter som tilhøva endrar seg gjennom året. 

Eit endra klima, meir veksling mellom kalde og milde dagar, meir nedbør, meir vind, meir regn. Tilhøve og eit miljø som endrar seg raskt krev endå meir av leveområda. 

Og dyra treng å få vera i fred i dette mangfaldige landskapet. 

Eit stormande landskap. Eit stille landskap. 

Også me finn me lettare vegen heim i stormen om me ser skilnadene i landskapet som ligg framføre oss. 

 

Foto og dikt av Arvid Malme:

Vinter

Vi gikk hele dagen

Ett sted må det stå skrevet

at vi gikk over fjellet i snøstorm

at vi samlet all vår varme rundt øynene

nesa og munnen

og i halsen gjennomboret av ispigger


Vi torde ikke hvile

eller søke ly under skavlene

Føttene som strittet imot

skrittene vi ikke kunne la være å ta

ett for ett

hodestups mot vind-repene

livredde for å gi opp bevegelsen

På grammofonplate har jeg hørt lyder

som liksom snøfokket

tømte hodet

og tettet igjen høregangene


Øynene søkte hele tiden det ubeveglige

En reinsdyrkropp

kuldebalsamert med avpillet hodeskalle

og horn som steinkvister vinden ikke fikk tak i

etset på netthinnen et forlokkende stilleben som

vi nesten ikke greide å rive oss løs fra

Tiden var ikke lenger til å måle

Veien en dirrende nål i kompasset


Endelig. Ski som gled av seg selv

Verkende tunge kropper

på skyer av snø. Fallende. Synkende.

Ned skaret. Og skumringen. Gispende

omfavnmet vi svaiende bjørkestammer

og var nede i ly av skogen.

 

Etterpå har det foresvevet meg

at jeg utenpå stormens hvite krystall-lerret

hadde sett dette landskapet

i klare skarpe høstfarger hver gang jeg for et øyeblikk

lukket øynene

for å finne veien hjem

Older Post Newer Post

RSS