Ragnhild Bjåen - kompetanse og referansar

 

Ragnhild Bjåen er fødd i 1972, sambuar med Anders og mamma til Mari 10 år og Sigurd 8 år.
 
Eg er fødd og oppvaksen på Bjåen, ein fjellgard 900 m.o.h, øvst i Bykle i Setesdal. Her driv me med mjølkeproduksjon og fjellstove, og garden ligg midt i fjellområda Setsdal Austhei og Setesdal Vesthei, midt i «leveområdet for villrein», jamfør Heieplanen.
 
Reinen har vore viktig for staden og folka her på Bjåen. Tamreindrifta fram til 1979 var far min djupt engasjert i, både som gjetar og i styret heilt fram til oppløysinga. Etter 1979 er det villreinen som me ser på som ein stor ressurs. Interesse og kunnskap som har vorte overførd frå folket her på Bjåen, har fylgt meg frå barndomen.
 
Gjennom arbeidserfaringa mi dei siste åra har eg drive mest med formidling av kunnskap om natur, kultur og ikkje minst dette med villrein, villreinens levemåte og utfordringar i framtida. Bjåen Fjellstove er ei økoturismesertifisert bedrift, og dokumentasjon og formidlinga av denne type kunnskap er eit viktig element.
 
Utdanning og yrkeserfaring:
Eg er utdanna Cand.Agric frå NLH (no NMBU, Norges miljø og biovitenskaplige universitet) frå 1998 i husdyrfag, med hovudkurs i husdyrernæring og viltforvaltning. Eg har også reindrift som fag. Eg har praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i naturbruk og naturfag frå NMBU. I tillegg har eg årstudium i folkekunst, og etterutdanning i entreprenørskap og matkultur.
 
Hovudoppgåva mi på NLH, «Aktivitet og beitebruk hjå sau i Setesdal- Ryfylkeheiane» var ein del av prosjektet «Rein og sau, klauv mot klauv». Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom NLH og Universitetet i Oslo der ein såg på sau og rein sin bruk av sommarbeite. Eg jobba også som feltassistent i somrane før og etter mi eiga hovudoppgåve, og såg m.a. på val av beiteplanter på sau og rein gjennom DNA-analyse av faeces, observering av rein før beiteslepp, samt interaksjon mellom rein og sau.
 
Frå eg var ferdig på Ås i 1998 og fram til 2007 jobba eg som produksjonsrådgjevar i Tine og som lærar på Voss Jordbruksskule i husdyrbruk, naturbruk og friluftsliv.
 
Sidan eg flytte heim i 2007 har eg overteke og driv Bjåen Fjellstove og Fjellgard saman med familien min. Eg har også hatt ei undervisningstilling i biologi på Hovden VGS. Gjennom åra her heime har eg hatt fleire oppdrag i plan-, felt- og prosjektarbeid. M.a. for Plankontoret Halvard Homme, og fleire oppdrag for Kulturlandskapsenteret i Telemark. No jobbar eg med eit beiteprosjekt for Fylkesmannen i Vestfold som vert avslutta våren 2019. I fleire av desse prosjekta er naturtype- og vegetasjonskartlegging viktig. På oppdrag frå SVR (Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane verneområde) har eg skrive ei bok om lokal natur retta mot born og unge («Bli kjent med heiane»).
 
Anna:
Eg er representant for SP i kommunestyret i Bykle, frå 2011 og fram til no. I perioden 2011-2015 møtte eg i SVR sitt styre for Bykle kommune. Eg er også styremedlem i Setesdal - Austhei Villreinlag.
 
Gjennom m.a. desse verva har eg fått innsyn og fylgd med på det som gjeld forsking på rein og beite i desse heieområda.
 
Kvifor starte eit prosjekt som Fjellreinskulen:
Eg er svært oppteken av fjellet. Av reinens levekår, beiteområde og ulik påverking av menneskeleg aktivitet, og korleis alt dette heng i samen. Og av historien her i Fjellgardane, korleis menneska har livnært seg, kor stor del naturen er av kulturen, og omvendt. Eg er så glad i heimefjella mine og ynskjer at borna mine skal sjå og lære noko av det same som eg har fått sett og lært, som har vorte overført frå generasjon til generasjon.
 
Og eg ynskjer så gjerne at endå fleire, spesielt born og unge, skal kunne få meir kunnskap om fjellområda, historien og kulturen i Fjellgardane. Eg trur at kunnskap, både tilegning, bruk og formidlinga av kunnskapen vidare, er det viktigaste i arbeidet for å ta vare på fjellområda og å sikre reinen eit godt leveområde for framtida. Både med omsyn til endra klima og elles press frå fleire hald. Å bruke kunst og forteljing i formidling av kunnskap er veldig spanande, og som eg trur vil gje ein stor meirverdi til området og dei som bur her og vitjar oss.
 
Eg har god lokal kunnskap om områda, spesielt Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei. Eg veit mykje om dyre- og planteliv, og korleis reinen brukar området gjennom året. Eg og har jobba med beite- og vegetasjonspreferansar for rein og sau i felt som tidlegare nemnt.
 
No driv eg gard med mjølkekyr til dagleg, og ferdast i fjellet heile året både i jobb og fritid. Eg er oppvaksen med dette. Eg er kreativ, sjølvstendig og vane med praktisk arbeid. Saman med den teoretiske utdanninga mi er dette er ein god kombinasjon i høve til eit slikt prosjektarbeid.

 
Referansar:
 
Ragnhild Bjåen har over tid vist eit stor engasjement for kultur- og naturhistoria knytt til både heimegrenda og heimegarden Bjåen og andre delar av Fjellgardane, altså øvre delen av Bykle kommune. Dette har ho gjort i skrift og tale, foredrag, involvering i lokale prosessar knytt til næringsutvikling m.m. Historia om Bjåen, både den gamle og den som går heilt opp til i dag, handlar om korleis ein har utnytta utmark og innmark på ein berekraftig måte med eit økologisk/grønt perspektiv, eit perspektiv som òg er knytt til Bjåen Fjellstove som Ragnhild driv. Som del av ein familie som over fleire slektsled har vore deleigarar og delteke aktivt i tamreindrifta i Bykle, har Ragnhild òg sett seg inn i og formidla denne delen av lokalkulturen, ein kultur som ikkje berre omhandlar lokal stadeigen kunnskap, men òg møte med ein samisk kultur som gjorde seg sterkt gjeldande i denne tamreindrifta som varte frå 1880-talet til 1979.
Bø, 8.11. 2018-11-08 Kjell Bitustøyl