ÅTTE ÅRSTIDER

Reinen er spesiell i norsk fauna av di han lever i flokk, med tydeleg flokkåtferd, og han er ein nomade - han brukar leveområdet sitt ulikt gjennom året. Reinen trekkjer på vèret, det vil sei han trekkjer mot vinden. Då veit dei mykje om kva som ligg føre dei. I tillegg har dei trekk gjennom året, til dei ulike områda dei brukar gjennom årstidene. I tillegg er reinen ein ekspert på å optimalisere beitesøket sitt. Dei går der dei vil få att mest mogleg energi til minst mogleg kostnad.
Reinen er avhengig av å kunne bruke store område for å overleve og få dekt primærbehova sine, sidan leveområdet har så begrensa næringstilgong i store delar av året. Bruken av eit område går også i syklusar på fleire tiår. Ein må difor sikre at reinen har nok areal, også til å endre bruksmønsteret. Bruken endrar seg i takt med beiteslitasje og snotilhøve, og syklusane gjer at lavmatter og beitet får vekse til att etter fleire år med slitasje. Dette er ei viktig tilpasning til dei harde levevilkåra reinen har.
Når ein fylgjer reinen gjennom året, ser ein at reinen har åtte «årstider». Samane, som tradisjonelt har levd med rein i generasjonar, har delt året inn på same måte. Samane kallar dei åtte årstidene vinter, vårvinter vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust og haustvinter.
 

Vinter

Vinteren er ei utfordrande tid for reinen. Veksling mellom kulde og mildvèr, nedising av beita og mykje sno, gjer at det er vanskeleg for reinen å finne nok mat. Dyra går på sparebluss, og brukar av feittreservane dei har i kroppen. Det er om å spare energi og vera mest mogleg i ro. Flokken delar seg oftast etter at bukkane har felt geviret, i november-desember. Då går bukkane for seg i mindre flokkar, medan simlene og ungdyra framleis held mest saman.

.

 

Vårvinter

Dette er den mest kritiske tida for reinen, særleg simlene. Kroppsreservane er no på det lågaste, framleis er vèr- og beitetilhøva vanskelege, og likevel skal simlene førebu seg til kalving. Det er i denne tida fosteret veks mest. Dersom simlene ikkje har nok næring å gje til fosterutviklinga, «kastar» dei fosteret. Simler som har kasta vil også felle geviret tidlegare enn dei andre. Dagane er litt lengre, men ofte er det mykje sno og dei må trekkje lenger for å finne mat. Det er då dei avblåsne rabbane som er lettast å finne lav og lyng på. I mars varmar sola litt meir, det tinar litt der snolaget er minst, føret er betre og det er lettare å flytje seg.
.
 

Vår

I april byrjar tåflekkane å koma fram, det er lettare å finne lav og lyng. Dagane er lengre og lysare, og beiteperioden er lengre. Kring 15.mai byrjar kalvinga. Simleflokken trekkjer til kalvingsområda før kalvinga byrjar. Dei ynskjer å vera mest mogleg i ro, og er ekstra utsette for uroingar i denne tida.

Kalvingsområda ligg som regel sør- eller vestvendt, det er viktig for simlene å kunne trekke ned til dei fyrste grøne spirene så fort som mogleg. Men kalven må kunne fylgje med, og ein ser at kalvingsområda ofte har ein tydelig høgdegradient med kort avstand frå snødekte område til område som har tidleg framvekst av grøne beite. Bukkane trekkjer gjerne heilt ned i dalføra, til dyrka mark, gamle støylsvollar og der det fyrste graset og lauvet kjem. Bukkane er meir uredde i denne perioden, og held seg i mindre flokkar.

.

Vårsommar

Dette er ei tid der spirene kjem, men i høgfjellet ligg snoen enno og det er framleis lite å beite på. Men dei fyrste grøne vekstane er næringsrike og gjev eit sårt trengande tilskot av protein. Nettane er omtrent like lyse som dagane, og dei brukar det meste av døgnet til beiting. Simlene passar godt på kalven sin. Dei treng mykje næring for å produsere mjølk til kalven sin. Reinsmjølk er svært næringsrik og har ein høg feitt- og proteinprosent. Men med eit langt underskot på næring krev det mykje å koma i energiballanse att.

.

 

Sommar

Den største utfordringar for reinen om sommaren er insekt. Varme somrar med mykje fluge er svært plagsame for reinen. Reinsflokkane kan verte svært urolege på dagar med varme og sol, og får ikkje nok tid til å beite og drøvtygge. Tidleg morgong og kveld kan vera den beste tida på døgnet å beite på. Om dagen står dei ofte på snofonner eller innmed vatn, og trekkjer opp i høgste nutane der det er meir svalt og meir vind, og dermed mindre fluge og insekt.

.

 

Haustsommar

Dette er kan hende den beste tida på året for reinen, iallefall næringsmessig. I fjellet er plantene i bløming, og vegetasjonen er framleis næringsrik og grøn.

Reinen gjer seg klar for brunst og paring. Simle- og bukkeflokkane søkjer kvarandre. Dei trekkjer gjerne ut av sommarbeiteområdet. I Setesdal Austhei er i dag kryssinga av Rv. 45 nordover eit sikkert teikn. Men ein ser også at vegen er eit stort hinder for bruken av området. Med oppdemming og hytteområde er det ikkje mange fredelege passasjar å finne for reinen, og dei kan bruke fleire dagar på kryssinga av vegstrekninga. Det same ser ein når dei skal sørover om våren.

Og så kjem jakta. I perioden frå 20.august til 30. september så er det reinsjakt. Fjellet vert oppsøkt av jegerar, og det kan vera vanskeleg for reinen å finne ro. Særleg i terreng med mange jegerar, og der det er flatt og ope. I tillegg er det ei populær tid for fjellvandrerar. Dette er ofte den tida det er mest folk i fjellet i løpet av året, og område kring turistløyper og turisthytter kan òg verke som eit stengsel for reinen.

.

 

Haust

Ut i oktober er brunsten og paringa over, og det vert ei rolegare tid. Men det meste av vegetasjon i fjellet er avblømd og gulna. Røtane til starr, torvmyrull og andre grasartar inneheld mykje opplagsnæring, og er eit viktig tilskot om hausten. Likeeins det som framleis er grønt, som snoleier med musøyra og grasdekte leger der sauer har beita om sommaren. Der held graset seg friskare ut over hausten.

.

 

Haustvinter

Kanskje er dette dei mest stille månadane for reinen. Det er mørkt, dagane korte, vèret og føret kan skifte mellom full vinter og bart og pøsande regn. Men det er lite folk i fjellet på denne tid. Lite som urorar. Reinen er på veg til vinterbeita. I Setesdalsheiane er det nordover. I november - desember feller bukkane geviret.