Bli kjent med Ragnhild Bjåen

Fjellgarding, bonde og fjellstovevertinne Ragnhild, fødd og oppvakse på Bjåen, øvst i Bykle. Med sine røter og historie, si utdanning, kom etter fleire år vekke, heimatt til fjella ho kjenner og har sin kjærleik og føter i. Ho bur på Bjåen Fjellstove og Fjellgard saman med Anders og borna Mari og Sigurd.

På Bjåen Fjellstove og Fjellgard ynskjer ho å formidle noko av det særeigne me har kring oss her, med mat, natur- og kulturopplevingar. Berekraft, bygd på eigne og lokale ressursar. Det enkle, ekte og autentiske er viktig for ho. «Ei god seng - eit godt brød- ein varm omn». Med fagleg bakgrunn og erfaring som lærar i vidaregåande skule nyttar ho no fjellstova og garden som formidlingsarena.

 

Auga våre ser det same landskapet, men blikket vårt leitar kan hende etter ulike ting, stoppar ved ulike sider av same fjell. Slik er det for alle. Men flottene, vatna og fjella her, dei fortel si eiga historie, dei har allstøtt vore her. Og det er denne historia me ynskjer å fortelje noko av, vise fram - i eit landskap som er kjent for mange, men med sider som ikkje er så lette å sjå.

 

Me trur dette er viktig for dei som veks opp her. Me trur det vil styrke kjensla av å høyre til, dersom dei også kjenner staden. Og kan sjå dei små og store skattane som ligg gøymt i landskapet. Me trur også at det vil gje ei attåtoppleving til dei som besøkjer oss. Og at det vil vere med på å gje ein meirverdi til staden; til Hovden, Fjellgardane og heiane våre.

 

Me har våre eigne historiar med. Og me ser landskapet med våre eigne blikk. Og med våre to ulike bakgrunnar kan me nå fleire i det me ynskjer å formidle: Kva er det særeigne med naturen kring oss, kva forteljingar ligg her, korleis har naturen vore med å prega oss som bur her, korleis ta vare på fjella våre for framtida? Me ynskjer at dei som veks opp her skal kjenne seg heime i naturen kring oss, kjenne han og vera stolt av han. Og la landskapet byggje seg inn i deira eigne historiar, deira eigne røter.

 

Difor har me fyrst lyst til å forteljer våre eigne historiar. Kvifor er me opptekne av dette, kva er det som har prega oss, kva er det me har sams?

 

Ragnhild si historie - finn du her.

Ragnhild sin kompetanse og referansar - finn du her. 

Ragnhild har eit sterkt ynskje om å uvikle Fjellrein. Reinen er viktig, både historisk og i dag, som verneføremål og som kulturarv. Det vert sagt at reinen er ein «paraplyart» - tar ein vare på området til reinen tar ein også vare på fleire artar. På same måte meiner me at ordet «Fjellrein» femnar vidare om fjellet; med både kultur og natur, historie og forteljingar. Me ynskjer at dei som veks opp her, dei som bur her og dei som besøkjer oss, skal sjå og forstå samanhengane mellom historien, kulturen og fjellet i dag. Og dermed vera betre rusta til å ta vare på området i framtida. Kunnskap gjev respekt, historie og forteljingar kan vera med på å gje stolthet og identitetskjensle.