Om Fjellrein

Om Fjellrein AS

Fjellrein AS vart etablert i 2018 som eit formidlingsprosjekt me kalla Fjellreinskulen. Det var då eit samarbeid mellom Tove Hertzberg og Ragnhild Bjåen. I 2022 gjekk Tove ut av Fjellrein for å satse meir på eigen kunst. Ragnhild Bjåen er pr. i dag eigar og dagleg leiar og tilsett i Fjellrein AS.

I januar 2023 starta Fjellrein samarbeid med Anne Lene Willemsen i Vinje, som både er utdanna naturvitar / biolog og kunstnar. Ragnhild og Anne Lene har tilsaman brei biologisk kompetanse frå NMBU, saman med fleire tilleggsutdanningar og kunstnarutdanning. Båe har eit brennande ynskje om å formidle kunnskap om natur på ein måte som kan nå ut til fleire, med kunst og forteljing og sanseopplevingar som verktøy.

Fjellrein ynskjer å vera med på å auke kunnskapen og forståinga for samanhengane og samspelet i fjellet. Også samspelet mellom menneska og natur.  

«Me ynskjer å bruke kunst, dikt og forteljing saman med fag og nå ut til sansane i oss. Me ynskjer å skape ei oppleving som kan vera med på å skape respekt og forståing for det fine samspelet, å kunne vise kor viktig reinen er for oss menneske og kor spanande, men sårbart fjellet er.»

 “Der reinen går er jorda freda”
Reinen er ein paraplyart. I samspelet av artar som er avhengig av fjellet som leveområde, har reinen ei særs viktig rolle. Reinen treng store område for å overleve, og dersom me tar vare på reinen tek me vare på mange andre artar også.

90% av den viltlevande tundrareinen i verda har norske fjell som leveområde. Villreinen  er Noregs ansvarsart, som Noreg har forplikta seg til å ta vare på. Villreinen er no sett som truga på raudlista, og leveområda er sterkt pressa. Menneskleg påverknad, endringar i klima og endringar i artsmangfaldet er store utfordringar for framtida.

Reinen som kulturberar
Reinen er den viktigaste kulturberaren i vår natur. Reinen har vore livberaren sidan isen dekte landet vårt. Kulturen vår vart boren fram av reinen, frå steppelandet sør i Europa til våre eigne fjell.

Jakt, fangst og tamreindrift har prega fjellbygdane her kring Hardangervidda og Setesdal opp gjennom tidene. Så mange minne som er gøymt i fjellet. Så mange spor som ligg der. Så mange historiar som vert fortalt. Reinen er framleis ein viktig kulturberar for oss, og mykje av identiteten og staden sin historie i fjellbygdane er knytt til fjell og utmark, rein, jakt og fangst.

Fjellrein ynskjer å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur, kultur og historie. Me ynskjer å auke forståinga og respekten for samspelet kring reinen og fjellet. På denne måten ynskjer me også å vera med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, styrke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, «the sense of place».
Sjå www.fjellrein.no

VISJON
Fjellrein legg vekt på fagleg innsikt og integritet, kunstarisk uttrykk og ei heilskapleg formidling.


Fjellrein har sidan 2018 hatt fleire utstillingar, m.a. Kulturbua Fjellrein, me har gjeve ut fleire bøker og laga formidling- og undervisningsopplegg til ulike klassetrinn for skular. Me jobbar også med prosjektutvikling, m.a. EMO i Vinje kommune.

Me har sidan 2019 fått tilskot utføring av konkrete prosjekt av verdiskapingsprogrammet «Verdiskaping basert på kulturarv» og «Verdiskaping i villreinfjell» frå Miljødirektoratet. No arbeider me med ei vandreutstilling, « Å vandre med reinen. Åtte årstider i åtte kommunar». Den skal verte ferdig i løpet av 2023.



Sjå www.fjellrein.no