Samarbeid
Fjellrein ynskjer å samarbeide med andre aktørar som driv med fag, forsking og formidling.
Døme på organisasjonar me samarbeider med:
Norsk Villreinsenter Sør, Skinnabu
Verneområde for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR)
Tilskot:
Me er takksame for at Fjellrein AS og Fjellreinskulen har desse åra fått tilskot frå verdiskapningsprogram frå Miljødirektoratet. Tilskota er tildelt for å utarbeide utstillingar, pedagogiske opplegg, kurs og læremateriell.
Desse åra har Fjellrein til no fått tilskot:
- 2026
- 2025
- 2024
- 2023
- 2022
- 2021
- 2020
- 2019
Beskriving av tiltaket i 2019:
"Fjellreinskulen er eit formidlingsprosjekt mellom kunstnaren Tove Hertzberg (www.galleritove.no) og Ragnhild Bjåen på Bjåen Fjellstove og Fjellgard (www.bjaen.no).
Fjellreinskulen skal utvikle informasjons- og undervisnings materiell og pedagogiske opplegg og unvervisningsverktøy retta mot skule, innbyggjarar og besøkande i Setesdal. Målet til Fjellreinskulen er å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur kultur og historie, og på den måten vera med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, stryke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, "the sense of place"."
Målet til prosjektet er å formidle kunnskap om viktige naturområder og naturverdiar til blant anna skuleelevar, lokalsamfunn, besøkande og turistar. Dette er eit prosjekt som kan bidra til en langsiktig positiv effekt på natur og lokalsamfunn og er derfor innanfor målsetjinga for ordninga.