Samane gav oss skikunsten
Det viktigaste hjelpemiddelet for samane med reinen om vinteren var skiene og hunden. Kunnskap om snøtilhøve, ski og skigåing var ein føresetnad for reindrift. I dei tidlegaste skildringane av samane, som også vert bekrefta i nye studiar om skisporten, kjem det fram at ski og skikunst har opphavet sitt i den samiske kulturen.
Truleg oppstod skigåing i områda kring Altajfjella nord i Kina. Fjellmåleri frå steinalderen viser menneske på jakt med ski. Desse måleria er mellom 10 000 og 20 000 gamle. Ein ser at det er ein klar likskap mellom dei eldste skiene i Skandinavia og Eurasia. Det er også hevda at tamreindrift oppstod i dette området og breidde seg vidare vestover til Skandinavia. Mykje talar for at tamreindrift og skiutvikling har ei felles historie.
Dette kan ein også sjå av dei eldste skifunna i Skandinavia. Verdas eldste ski er nesten 7000 år gamal, datert til 5200 år f. Kr. Desse vart funne i Nord-Sverige, og vert kalla Kalveträskskien. Skiparet har vertikale hol for å feste bindningen, ein teknikk som er svært lik den me finn i austlege delar av Eurasia. Likeeins Holtingskien frå Sverige, datert 3200 år f. Kr. Ho har ein annen binding der fotstykket er høgare slik at ein får plass til eit horistontalt hol for bindingen. Denne skitypen vert kalla den «botniske» eller samiske skitypen, og er truleg prototypen på moderne ski i Skandinavia.
Ski og tamreindrift i fjellområda i sør
I fjellområda her langt sør, i Setesdalsheiane og Hardangervidda, vart tamrein henta frå sørsamiske område vinterstid. Det var ski og køyrerein som gjorde denne flyttinga mogleg. Med reinen og samane kom også kunnskap og ekspertise, både om reindrift og kva utstyr som måtte til for å greie desse enormt lange turane.
Å gjete og å flytje ein reinsflokk om vinteren var uansett krevjande. Reinsgjetarane måtte ha det beste utstyret som var tilgjengeleg for å meistre desse utfordringane.
Samane som kom sørover og bønder i fjellbygdene hadde mykje felles, og det var utveksling av kunnskap og kultur over lenger tid. Ein ser fleire fellestrekk i kulturuttrykka, også i skikunsten. Dei lokale skimakarane tok opp mange av dei funksjonelle utformingane som samiske ski og utstyr er kjent for, mellom anna innsvinga ski og hælbinding. I Fjellgardane øvst i Setesdal lærde også bygdefolk skimakeri og sauming av hudsko frå sørsamane. Dei tok i bruk binding med reimar over tå og hæl, like som samane bruka, og den praktiske spadestaven vart også ein fast del av skiutstyret hjå fleire. Derimot har ein ikkje funne den typiske spissinga bak på lokale ski.
Sondre Nordheim frå Morgedal har vorte framstilt som den fyrste som tok i bruk «påbundne ski med bakbinding». Men det er godt dokumentert at dette var kjent utstyr mellom samane lenge før Sondre Nordheim tok det i bruk på 1800-talet. Torjus Loupedalen, som har skrive mykje om Sondre Nordheim, seier det slik: «om han saug det påfunnet av eigen barm er uvisst. Sondre var en vidræsen kar i sine unge dagar, so det er ikkje utruleg han hev møtt ein hell annan finn inn på fjølli mot Setesdal som sette han på det».
Kjelder:
Birkely, Hartvig: 1994:88 ”I Norge har lapperne først innført skierne”, Hovudfagsoppgåve ved Norges Idrettshøyskole.
Bitustøyl. Kjell: 2017. Samane og skikulturen. -Kva er typisk for sørsamisk skiutstyr? Årbok nr. 13 s. 177. Saemien Sijte.
Ødegård, Ole K.: 2025. Den Samiske skikulturen. En kulturskatt av stor betydning. Kulturarven nr. 99-desember 2025. Norsk Kulturarv.
Illustrasjon: Tove Hertzberg.