News

Use this section to provide a description of your blog.

Lat reinen gå i fred

Posted by Ragnhild Bjåen on

Reinen er den viktigaste kulturberaren i naturen vår. Då isen trekte seg nordover etter siste istid fylgde reinen etter. Og med den folka som jakta og veida på reinen. Menneska har flytta med reinen - reinen leidde menneska og gav dei både mat, pels til varme og ly, gevir til reiskap - alt på reinen kan nyttast. 

Read more

Haust

Posted by Ragnhild Bjåen on

I denne tida er er det er rolegare for dyra. No er det meste av vegetasjon i fjellet avblømt og gulna. Likevel klarer reinen å finne seg mat og næring. Avhengig av kor mykje uro og insektplager dei har vorte utsett for i sommarmånadane, er dette den einaste perioden i løpet av året at simlene går i pluss i energibruk. Likevel, når ein ser kor lite grønt det er att av vegetasjonen om hausten, forstår ein at det er vanskeleg å leggje seg opp så veldig mykje reservar før vinteren.

For bukkane er denne tida viktig for å klare å leggje på seg før vinteren set inn. Under brunsten har bukkane nesten ikkje tid til å eta. Av det dei la på seg av feitt på sommaren, blei mykje bruka opp då dei var travelt opptekne av å passe på simlene og å forsvara og jaga vekk andre bukkar.

Kva planter er det som inneheld næring på denne tid?
Røtene til storr, torvmyrull og andre grasartar. Røtene inneheld mykje energi som plantene har lagra. Desse er viktige for reinsdyra seint om hausten, også etter at det fyrste snølaget har kome.
Snøleier og grøne leger. Ein kan framleis finne grøn vegetasjon, men det er helst i baksidene der snøfonnene ligg lenge. Dette kallar ein snøleier. Den vesle planta musøyra er ei god og næringsrik matplante om hausten også. Grasarten smyle held seg lenge grøn og frisk, og er ei næringsrik plante som smakar godt. I fjellet kan ein også sjå «leger» med ny grasvekst lenge utover hausten. Her har ofte sauer beita om sommaren, og graset veks opp att grønt og held seg friskt lenge etter at sauene er sanka.
Lyng og blad. Lyng med både friske og visna blad er mat for reinen. Innimellom lyngen finn dei gras og urter som ikkje har visna.
Lav. Dess lenger det går mot vinteren, dess meir lav et reinen.

Kroppen og meltingsystemet førebur seg til vinteren, og dyra byrjar etterkvart å trekkje mot områda der vinterbeita er.

Haustsommar - den beste tida på året?

Posted by Ragnhild Bjåen on

August - september: Haustsommar
Den beste tida på året for reinen er truleg når sommaren går mot haust. I fjellet blømer plantene, og dei er framleis næringsrike og grøne. Insekta er borte, og dyra får ro til å beite, kvile og tyggje drøv.

August er også ein fin månad for mange menneske i fjellet. Det er ei god tid for fjellvandring, bærsanking og etter kvart jakt. Slike aktivitetar kan også uroe reinsdyra. Fleire stader ser ein at reinen let vera å trekkje inn i og bruke område der det er turistløyper, hytter og vegar i fjellheimen.

I perioden frå 20.august til 30. september er det reinsjakt. Fjellet blir oppsøkt av jegerar, og det kan vera vanskeleg for reinen å finne ro. Særleg gjeld det i terreng med mange jegerar, og der det er flatt og ope. Dersom dyra blir uroa, får dei mindre tid til beite enn dei skulle. Då må bruke meir energi på å springe og trekkje, og dei går glipp av ei viktig tid når dei skal førebu seg til vinteren.

Men dersom dyra får gå i fred, er dette ei god tid for reinsflokkane. Enno går simlene i flokkar med kalvane sine og med andre ungdyr, medan bukkane kan gå saman i små grupper eller for seg sjølve. Mot slutten av august byrjar bukkane å bli urolege, og dei byrjar å leite opp simlene.

Geviret til bukkane er no stort sett ferdig utvakse. Det ser ein på at det mørke hudlaget som gjev geviret næring og vekst, basten, tørkar inn. Dei eldre bukkane byrjar feiinga. Då stangar og skubbar dei  geviret i tre og buskar og gjer seg klare til kamp og konkurranse om simlene.

I denne tida trekkjer dyra gjerne ut av sommarbeiteområdet. Reinsdyra førebur seg til brunst og paring, og simle- og bukkeflokkane finn kvarandre etterkvart. I slutten av september byrjar brunsten.

Fjellsommaren er kort, men lys!

Posted by Ragnhild Bjåen on

Fjellsommaren er kort. Men plantene i fjellet får mykje lys, og er ofte næringsrike. Det utnyttar reinsdyra. Dei leitar opp dei beste plantene, fylgjer snøsmeltinga og plukkar dei nyaste og rikaste spirene etterkvart som dei dukkar opp frå snøen. I løpet av denne korte tida veks dei unge dyra mykje. Simler, kalvar og ungdyr går saman. Bukkane held seg for seg sjølve i mindre grupper.

Fjellrein sommar 2023

Posted by Ragnhild Bjåen on

Det er sommar i fjellet. Ein sommar med og all slags vèr, frå frostnetter, hagl, regn og vind til varme og solfylte dagar og lyse kveldar. Reinen lever sitt liv gjennom alle desse skiftingane i vêr og temperatur. Og det er skiftande tider for villreinen no i dag. Frå å vera eit dyr me kanskje har tatt for gitt, lyser no raude lys på alle kantar for arten som me menneske har levd saman med i tusenvis av år. Kva har dette å sei for oss menneske?

Fjellrein ynskjer å arbeide vidare med formidling omkring tema rein, samspel menneske og rein, økologi og samanhengar i fjellnaturen, framtida og utfordringar kring vårt naturlege mangfald og klima. Me trur at gjennom å bruke fag, kunst og historieforteljing kan me nå inn på andre måtar.

I mai -23 fekk me framhald på støtta frå MD og Verdiskapingsprogrammet for verdiskaping i villreinfjell. Me held no på å lage ei vandreutstilling med arbeidstittelen "Reinen gjennom åtte årstider, gjennom åtte kommunar". Utstillinga skal gå gjennom villreinområdet sør, frå Nordfjella og Sognefjorden i nord til Setesdalsheiane i sør. Det vil verte laga tema- og skuleopplegg saman med utstillinga. Og målet er at utstillinga får med seg noko nytt frå kvar stad, som tilsaman viser tilknytninga me har gjennnom fjella våre. Utstillinga vil vera på vegen frå 2024. Kanskje fylgjer ho også reinen attende sørover, der isen trekte seg nord og reinen gjekk etter, til EU sin hovudstad Brüssel. "Reinen er grunnleggaren av europeisk sivilisasjon", vert det sagt. Og det er Noregs ansvarsart å ta vare på i internasjonale forpliktingar.

 Me har også andre oppgåver i Fjellrein: 

Reinsparken i Edland

Reinsparken er eit interessant prosjekt som me gler oss til å arbeide vidare saman med. Sjå #reinsparken og https://www.vinje.kommune.no/vinjelosen-sitt-hjoerne-februar.6585042-479834.html og https://www.facebook.com/reinsparken.

Utvalde kulturlandskap Rygnestad og Flateland

Me jobbar no med å lage ein forvaltningsplan for UKL Rygnestad og Flateland, på oppdrag frå Valle kommune. Det er eit spanande arbeid med kartlegging og feltarbeid i eit nydeleg område. Sjå https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/miljo-og-klima/jordbrukets-kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap-i-jordbruket/dette-er-de-utvalgte-kulturlandskapene/rygnestad-og-flateland og https://www.facebook.com/UtvalgteKulturlandskap. Rygnestadtunet som høyrer til #Setesdalsmuseet har mykje interessant historie, og ein fin stad å besøke https://www.setesdalsmuseet.no/faste-utstillingar/rygnestad-museum/

Fjellrein har no flytta inn i det gamle industribygget på Edland, og delar lokale med sølvsmed #StianRøkenesChristensen og #Fjellsmykke. Her er det mogleg å sjå og kjøpe produkta våre. Velkomen innom!