Lat reinen gå i fred

Posted by Ragnhild Bjåen on

 

Reinen er den viktigaste kulturberaren i naturen vår. Då isen trekte seg nordover etter siste istid fylgde reinen etter. Og med den folka som jakta og veida på reinen. Menneska har flytta med reinen - reinen leidde menneska og gav dei både mat, pels til varme og ly, gevir til reiskap - alt på reinen kan nyttast. 

Reinsdyret har vore mykje av grunnlaget for at menneska kan leva og bu både i arktiske strok og i dei heimlege fjellområda våre. Heilt til 500 år sidan var det villrein i alle fjellområda i Skandinavia. Våpen gjorde jakta meir effektiv og etterkvart vart villreinen utjakta i mange av fjellområda. Samane byrja med tamreindrift på 1500-1600 talet.På slutten av 1800 talet var villrein eit sjeldent syn mange stader, men på same tid etablerte tamreindrifter seg i dei fleste fjellområda også i Sør-Noreg. Dei fleste villreinstammene er i dag etterkomarar av og iblanda tamrein, og det er ei lang kulturhistorie og mange kulturminne, kunnskap og soger som er knytt til både jakt, fangst og tamreindrift. Noko som kanskje bør gjera at me kjenner oss endå nærare knytt til reinen også i dag? 

I dag er villreinen Noregs ansvarsart, og 90 % av verdas ville tundrarein lever i dag i dei norske fjellområda. Både villrein og tamrein treng store område for å leva sitt naturlege nomadiske liv, der dei kan trekke over fjell og vidder for å finne mat og beite både om vinteren og sommaren. For å finne område der fostringsflokkane kan få ro under kalvinga, der simlene kan finne grøne spirer og produsere nok mjølk til kalven sin. Der flokkane kan samlast i paringstid og brunst, før seinhausten og vinteren på nytt kjem. Som flokk er dei sterkare, både mot rovdyr og uvèr. Men det er stort sett berre under brunsten både simleflokkar og bukkeflokkar trekker saman. Resten av året går bukkane for seg sjølv i mindre flokkar,  dei held seg ofte meir ute i kantane av leveområda og trekker tidleg ned til vårlege liar og område der det tidlegast vert bart. 

Simlene, kalvane og ungdyr held seg saman i større fostringsflokkar. Bukkane mistar geviret sitt seinhaustes, etter brunsten, medan simlene beheld geviret sitt til etter kalvinga i mai. Dei kan då verne seg betre mot rovdyr, men også jage vekk andre rein i leitinga etter beite og næring. 

Denne tida av året me er i no, når vinterferien kjem og me ynskjer sol, ski og appelsinsmak velkomen, er også den mest utfordrande tida for reinen. Sjølv om ingen dyr toler kulde og snø så godt som dei, har dei alt gått lenge på sparebluss. Lav, visna lyng og daude planterester er det dei finn i beitegropene. Etter fyrst å ha grave seg ned til marka, kanskje under nærmare meteren med snø. Sjølv om dei kan lukte lav gjennom eit tykt snølag, gjev ikkje denne vintermaten stort med næring. Er fjellet også dekt av is er det endå meir energikrevjande å finne det lisle som er av mat. Og i desse harde omgjevnadane skal simlene bera fram kalven sin dei siste månadane av drektigheten. Protein i kosten er så og sei fråverande i desse månadane. Og sjølv om reinen er dei som best utnyttar det som er av mat å finne, er vintermaten vanskeleg å fordøye. Det krev også ro til drøvtygging for å kunne utnytte næringa. 

Lat reinen gå i fred over dei snødekte fjella.

Snø

Som tusen diamantar på stjernekvit himmel
Som stormande bylgjer på frådande hav
Dunlett 
Sporlaus
Ishard og skaresterk
Skybløyt og skummjuk
Tung som myrdjup
Opptrakka og solskjena
Eitt stoff
Frå rennande vatn til finslipa krystaller
Så mange konsistensar
Så mange former
Rommar alt
Alt kvitt og alle fargar på same tid