Fjellsommaren er kort, men lys!

Posted by Ragnhild Bjåen on

Fjellsommaren er kort. Men plantene i fjellet får mykje lys, og er ofte næringsrike. Det utnyttar reinsdyra. Dei leitar opp dei beste plantene, fylgjer snøsmeltinga og plukkar dei nyaste og rikaste spirene etterkvart som dei dukkar opp frå snøen. I løpet av denne korte tida veks dei unge dyra mykje. Simler, kalvar og ungdyr går saman. Bukkane held seg for seg sjølve i mindre grupper.

Sommarmaten til reinen består av gras, siv, storr, urter, blad av dvergbjørk og vier og ein del lav. Og ikkje minst den vesle planta musøyra, som høyrer til vier-familien, slik som selje og pil. Det har vorte sagt at er det minste "tre" i verda. Ho berre er eit par centimeter høg.


Sommarpelsen kjem fram og gevira veks. Alt dette krev energi, og denne energien skal reinsdyra klare å få i seg med å beite på små fjellplanter i berre nokre få månadar.

Kva består sommarbeitet til reinen av? Sommarmaten til reinen består av gras, siv, storr, urter, blad av lyng, dvergbjørk og vier og ein del lav. Og ikkje minst den vesle planta musøyra, som høyrer til vierfamilien. Kosten er variert, og planter som geiterams, skogstorkenebb og gullris gjev ein god variasjon i beitet.

Om hausten veg kalven 30-50 kilo, han som berre vog 4-5 kilo då han var fødd. Kalven veks godt av mjølka frå simlene, og i tillegg beiter han sjølv. Dei vaksne dyra skal også leggje på seg det dei mista i vekt om vinteren, og i tillegg skal simla produsere mjølk. Sommarpelsen kjem fram og gevira veks. Alt dette krev energi, og denne energien skal reinsdyra klare å få i seg med å beite på små fjellplanter i berre nokre få månadar.

Bukkane er ekspertar på dette, og kan leggje på seg opptil 30-40 kg på ein sommar, mellom anna store feittreservar. Det krev mykje beiting! Bukkane held seg for seg sjølve i mindre grupper om sommaren. Dei er uredde og leitar opp det beste beitet.

Simlene som har kalv, produserer mjølk. Det meste av energien ho får gjennom maten går til kalven gjennom mjølka, og ho legg sjeldan på seg mykje om sommaren. Sjølv om beitet er godt, går simlene i minus med energi det meste av året, også sommarmånadene. Simlene  passar også svært godt på kalven sin, og er endå meir sårbare og blir fortare urolege enn resten av flokken.

Nettene er lyse og dyra beiter heile døgnet. Men sommaren er slett ikkje berre fri for bekymringar.

For no er det ikkje berre rovdyr reinen må passe seg for. Fleire små insekt er den største utfordringa no om sommaren. Dei kan vere blodsugande og plagsame. Men dei verste er flugene som blir kalla brems. Dei legg egg og larvar i pelsen og i nasen på reinsdyra. Reinsdyra er veldig redd for bremsen, og prøvar så godt dei kan å forsvare seg mot insekta.

Det å gå i flokk vernar også mot angrep frå dei blodsugande insekta. Dyra som går i midten, er mest verna. Det kan vere konkurranse om dei beste plassane inst i flokken. Dei dyra som har høgast status tek oftast plassane i midten, medan dyra med lågast status må halde ytterkanten. Dei vil då prøve å koma seg inn i flokken, og då kan det sjå ut som om flokken sviv i ring.

Varme somrar med mykje fluger er difor svært plagsame for reinen. Ein god sommar for menneska er altså ikkje ein god sommar for reinen!

Reinsflokkane kan bli svært urolege på dagar med varme og sol, og får ikkje nok tid til å beite og tyggje drøv. Dyra vil stoppe beitinga når insekta er mest plagsame. Tidleg morgon og kveld kan vera den beste tida på døgnet å beite på.

På varme dagar står reinsdyra ofte på snøfenner eller innmed vatn. Der er det kjølegare og mindre fluger og insekt. Eller dei trekkjer opp i dei høgste nutane der det er meir svalt og meir vind. Dersom det er mykje insekt, vil flokken presse seg samen på små område.  Då kan det også bli mindre mat for alle.

Utover august er flygesesongen for dei fleste insekta over. Reinsflokken delar seg, og dyra går meir spreidde fram mot paringa.

Les meir om reinen gjennom året i boka Der reinen går er jorda freda og heftet Økologi og samspel i reinens rike