News
Use this section to provide a description of your blog.
Det er vår
Posted by Ragnhild Bjåen on
Det er vår.
Maidagane er her. I liane grønkar det og gauken gjel. Men enno ligg isen, og enno er det snøfast i fjellet. For reinen er truleg kalvinga godt i gang.
Simleflokkane har trekt inn i dei rolegaste områda dei kan finne, for å gje vern og ro til kalven. Bukkane er modigare og kan trekke ned til dei grøne dalføra.
Denne fine, men svært så sårbare tida, då natta er så kort at det er lyst nesten heile døgnet, då bekkane går opp og renn vårfløymde over blå is. Då sarte skrik frå heiloen lyder, rypa skrattar og alt levande byrjar å vakne til liv etter vinterdvala.
Grøne spirer der barflekkane vises. Knoppar som snart bryt ut i små lauv. Stille, med ei kraft så så sterk at det nesten er umerkeleg, endrar naturen seg i desse dagane i fjellheimen.
Og som eg ser utover viddene eg kjenner så godt, så kjenner eg at kanskje her er det forteljinga vår byrjar? Er det her alle forteljingar i livshistoriane byrjar? Med denne naturen me står midt i. Med viddene, flottene, fjella, vatna, elvene, lufta, vinden, fuglane, snøen. Med barflekkar i eit mønster som vanskeleg let seg kopiere.
Kanskje er det dette som er sjølve forteljinga? Kanskje er dette stamma, dette som me må lytte gjennom før me kjem fram til greina der me sjølve sit.
Flokken. Simlene som har gått med fostertunge den siste tida. Som har måtta grave seg fram til det vesle dei kan finne av lav og lyng heile vinteren. Eg let att augo. Eg er der - inne i flokken. Det er enno vinter. Eg ser denne simla. Store, mørke augo. Pelsen er lys og tykk, kledd for å legge seg ned i snøen utan å miste varme. La vinden og snøen dekke seg i uveret. Legge hovudet mellom framføtene. Vente, vente til lyet kjem. Kanskje ligg ho i midten av flokken, dei andre tar litt av for den kalde lufta.
Kanskje er ho sterk, ho klarte å berge fram kalven i fjor, legge litt på seg og har enno krefter tilresten av vinteren. Kanskje kan ho jage vekk andre, dei litt mindre sterke. Kanskje kan ho grave seg ned gjennom snøen, fram til litt daudt gras, litt lav og lyng. Kanskje kan ho få tak i dei små beiteflekkane som er. Gå vidare, byrje på nytt. Grave seg ned, kjenne det harde islaget gjennom klauvene, bruke tennene til å skrape fram lav og mose, på berg og stein medan snøen driv.
Ja kanskje er ho den sterke. Eller kanskje er ho simla som kalven kom vekk ifrå, ho som leita og lokka. Kanskje er ho simla som kjende rovdyrlukten, såg ørneklørne. Og det vart stille.
Stille etter kalven ho så lenge hadde bore fram. Som ho seinviters bar med seg sørover, på leiting etter område dei kunne vera i fred.
I flokken er ho tryggare enn aleine. Men ikkje tryggare enn at det gjeld å vera sterk og vàr. Som ungsimle visste ho ikkje så mykje. Ho fylgde mest etter i flokken. Fylgde den eldgamle visdomen som ligg i fjellviddene. Fylgde flokken mot vinden.
I snøen ligg han, ein liten, raudbrun skapning. Kva er dette? Tynne bein, er han livlaus? Nei han skjelv litt, er dekt av slim og hinner. Ho stikk nasen burt, dyttar forsiktig. Luktar, det luktar ho sjølv, noko ho kjenner. Dultar, gjev små grynt- det skal verta deira eiga språk. Snart vil han svare ho, og dei kan kjenne kvarandre att, sjølv midt inne i den store flokken.
Der- ei lita rørsle. Ho kjenner meir etter med mulen. Dyttar litt til, han snur hovudet, fnys litt og rister på nasen, han pustar. Ho kjenner varmen. Og fuktigheten, lukten. Ho børstar han med den ru tunga si, vil få han opp, han rører på seg, får varmen av den varsame rørsla i huda. Ho tørkar av han det våte. Slikkar pelsen rein, håra krullar seg fint, dampar, pusten går gjennom magen, mellomgolvet får ein fastare rytme. Her er ho. Her er han. Eit nytt liv.
Eit nytt liv på snødekt mark. Nokre store steinar lygner for vinden. Det driv snøfnugg i lufta. Legg seg med eit tynt lag over dei få bare flekkane, som eit kvitt slør over lyngen. Dagen er lys, natta er lys, lufta er skarp og mild på same tid, viddene byrjar å få att konturane av høgdedrag og dalar.
Det er vår.
Read more

Haust
Posted by Ragnhild Bjåen on
I denne tida er er det er rolegare for dyra. No er det meste av vegetasjon i fjellet avblømt og gulna. Likevel klarer reinen å finne seg mat og næring. Avhengig av kor mykje uro og insektplager dei har vorte utsett for i sommarmånadane, er dette den einaste perioden i løpet av året at simlene går i pluss i energibruk. Likevel, når ein ser kor lite grønt det er att av vegetasjonen om hausten, forstår ein at det er vanskeleg å leggje seg opp så veldig mykje reservar før vinteren.
For bukkane er denne tida viktig for å klare å leggje på seg før vinteren set inn. Under brunsten har bukkane nesten ikkje tid til å eta. Av det dei la på seg av feitt på sommaren, blei mykje bruka opp då dei var travelt opptekne av å passe på simlene og å forsvara og jaga vekk andre bukkar.
Kva planter er det som inneheld næring på denne tid?
Røtene til storr, torvmyrull og andre grasartar. Røtene inneheld mykje energi som plantene har lagra. Desse er viktige for reinsdyra seint om hausten, også etter at det fyrste snølaget har kome.
Snøleier og grøne leger. Ein kan framleis finne grøn vegetasjon, men det er helst i baksidene der snøfonnene ligg lenge. Dette kallar ein snøleier. Den vesle planta musøyra er ei god og næringsrik matplante om hausten også. Grasarten smyle held seg lenge grøn og frisk, og er ei næringsrik plante som smakar godt. I fjellet kan ein også sjå «leger» med ny grasvekst lenge utover hausten. Her har ofte sauer beita om sommaren, og graset veks opp att grønt og held seg friskt lenge etter at sauene er sanka.
Lyng og blad. Lyng med både friske og visna blad er mat for reinen. Innimellom lyngen finn dei gras og urter som ikkje har visna.
Lav. Dess lenger det går mot vinteren, dess meir lav et reinen.
Kroppen og meltingsystemet førebur seg til vinteren, og dyra byrjar etterkvart å trekkje mot områda der vinterbeita er.

Haustsommar - den beste tida på året?
Posted by Ragnhild Bjåen on
Den beste tida på året for reinen er truleg når sommaren går mot haust. I fjellet blømer plantene, og dei er framleis næringsrike og grøne. Insekta er borte, og dyra får ro til å beite, kvile og tyggje drøv.
August er også ein fin månad for mange menneske i fjellet. Det er ei god tid for fjellvandring, bærsanking og etter kvart jakt. Slike aktivitetar kan også uroe reinsdyra. Fleire stader ser ein at reinen let vera å trekkje inn i og bruke område der det er turistløyper, hytter og vegar i fjellheimen.
I perioden frå 20.august til 30. september er det reinsjakt. Fjellet blir oppsøkt av jegerar, og det kan vera vanskeleg for reinen å finne ro. Særleg gjeld det i terreng med mange jegerar, og der det er flatt og ope. Dersom dyra blir uroa, får dei mindre tid til beite enn dei skulle. Då må bruke meir energi på å springe og trekkje, og dei går glipp av ei viktig tid når dei skal førebu seg til vinteren.
Men dersom dyra får gå i fred, er dette ei god tid for reinsflokkane. Enno går simlene i flokkar med kalvane sine og med andre ungdyr, medan bukkane kan gå saman i små grupper eller for seg sjølve. Mot slutten av august byrjar bukkane å bli urolege, og dei byrjar å leite opp simlene.
Geviret til bukkane er no stort sett ferdig utvakse. Det ser ein på at det mørke hudlaget som gjev geviret næring og vekst, basten, tørkar inn. Dei eldre bukkane byrjar feiinga. Då stangar og skubbar dei geviret i tre og buskar og gjer seg klare til kamp og konkurranse om simlene.
I denne tida trekkjer dyra gjerne ut av sommarbeiteområdet. Reinsdyra førebur seg til brunst og paring, og simle- og bukkeflokkane finn kvarandre etterkvart. I slutten av september byrjar brunsten.

Fjellsommaren er kort, men lys!
Posted by Ragnhild Bjåen on
Read more
Fjellsommaren er kort, men lys!
Posted by Ragnhild Bjåen on
Read more
Fjellrein sommar 2023
Posted by Ragnhild Bjåen on
Det er sommar i fjellet. Ein sommar med og all slags vèr, frå frostnetter, hagl, regn og vind til varme og solfylte dagar og lyse kveldar. Reinen lever sitt liv gjennom alle desse skiftingane i vêr og temperatur. Og det er skiftande tider for villreinen no i dag. Frå å vera eit dyr me kanskje har tatt for gitt, lyser no raude lys på alle kantar for arten som me menneske har levd saman med i tusenvis av år. Kva har dette å sei for oss menneske?
Fjellrein ynskjer å arbeide vidare med formidling omkring tema rein, samspel menneske og rein, økologi og samanhengar i fjellnaturen, framtida og utfordringar kring vårt naturlege mangfald og klima. Me trur at gjennom å bruke fag, kunst og historieforteljing kan me nå inn på andre måtar.
I mai -23 fekk me framhald på støtta frå MD og Verdiskapingsprogrammet for verdiskaping i villreinfjell. Me held no på å lage ei vandreutstilling med arbeidstittelen "Reinen gjennom åtte årstider, gjennom åtte kommunar". Utstillinga skal gå gjennom villreinområdet sør, frå Nordfjella og Sognefjorden i nord til Setesdalsheiane i sør. Det vil verte laga tema- og skuleopplegg saman med utstillinga. Og målet er at utstillinga får med seg noko nytt frå kvar stad, som tilsaman viser tilknytninga me har gjennnom fjella våre. Utstillinga vil vera på vegen frå 2024. Kanskje fylgjer ho også reinen attende sørover, der isen trekte seg nord og reinen gjekk etter, til EU sin hovudstad Brüssel. "Reinen er grunnleggaren av europeisk sivilisasjon", vert det sagt. Og det er Noregs ansvarsart å ta vare på i internasjonale forpliktingar.
Me har også andre oppgåver i Fjellrein:
Reinsparken i Edland
Reinsparken er eit interessant prosjekt som me gler oss til å arbeide vidare saman med. Sjå #reinsparken og https://www.vinje.kommune.no/vinjelosen-sitt-hjoerne-februar.6585042-479834.html og https://www.facebook.com/reinsparken.
Utvalde kulturlandskap Rygnestad og Flateland
Me jobbar no med å lage ein forvaltningsplan for UKL Rygnestad og Flateland, på oppdrag frå Valle kommune. Det er eit spanande arbeid med kartlegging og feltarbeid i eit nydeleg område. Sjå https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/miljo-og-klima/jordbrukets-kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap-i-jordbruket/dette-er-de-utvalgte-kulturlandskapene/rygnestad-og-flateland og https://www.facebook.com/UtvalgteKulturlandskap. Rygnestadtunet som høyrer til #Setesdalsmuseet har mykje interessant historie, og ein fin stad å besøke https://www.setesdalsmuseet.no/faste-utstillingar/rygnestad-museum/
Fjellrein har no flytta inn i det gamle industribygget på Edland, og delar lokale med sølvsmed #StianRøkenesChristensen og #Fjellsmykke. Her er det mogleg å sjå og kjøpe produkta våre. Velkomen innom!