Fjellrein sommar 2023

Posted by Ragnhild Bjåen on

Det er sommar i fjellet. Ein sommar med og all slags vèr, frå frostnetter, hagl, regn og vind til varme og solfylte dagar og lyse kveldar. Reinen lever sitt liv gjennom alle desse skiftingane i vêr og temperatur. Og det er skiftande tider for villreinen no i dag. Frå å vera eit dyr me kanskje har tatt for gitt, lyser no raude lys på alle kantar for arten som me menneske har levd saman med i tusenvis av år. Kva har dette å sei for oss menneske?

Fjellrein ynskjer å arbeide vidare med formidling omkring tema rein, samspel menneske og rein, økologi og samanhengar i fjellnaturen, framtida og utfordringar kring vårt naturlege mangfald og klima. Me trur at gjennom å bruke fag, kunst og historieforteljing kan me nå inn på andre måtar.

I mai -23 fekk me framhald på støtta frå MD og Verdiskapingsprogrammet for verdiskaping i villreinfjell. Me held no på å lage ei vandreutstilling med arbeidstittelen "Reinen gjennom åtte årstider, gjennom åtte kommunar". Utstillinga skal gå gjennom villreinområdet sør, frå Nordfjella og Sognefjorden i nord til Setesdalsheiane i sør. Det vil verte laga tema- og skuleopplegg saman med utstillinga. Og målet er at utstillinga får med seg noko nytt frå kvar stad, som tilsaman viser tilknytninga me har gjennnom fjella våre. Utstillinga vil vera på vegen frå 2024. Kanskje fylgjer ho også reinen attende sørover, der isen trekte seg nord og reinen gjekk etter, til EU sin hovudstad Brüssel. "Reinen er grunnleggaren av europeisk sivilisasjon", vert det sagt. Og det er Noregs ansvarsart å ta vare på i internasjonale forpliktingar.

 Me har også andre oppgåver i Fjellrein: 

Reinsparken i Edland

Reinsparken er eit interessant prosjekt som me gler oss til å arbeide vidare saman med. Sjå #reinsparken og https://www.vinje.kommune.no/vinjelosen-sitt-hjoerne-februar.6585042-479834.html og https://www.facebook.com/reinsparken.

Utvalde kulturlandskap Rygnestad og Flateland

Me jobbar no med å lage ein forvaltningsplan for UKL Rygnestad og Flateland, på oppdrag frå Valle kommune. Det er eit spanande arbeid med kartlegging og feltarbeid i eit nydeleg område. Sjå https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/miljo-og-klima/jordbrukets-kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap-i-jordbruket/dette-er-de-utvalgte-kulturlandskapene/rygnestad-og-flateland og https://www.facebook.com/UtvalgteKulturlandskap. Rygnestadtunet som høyrer til #Setesdalsmuseet har mykje interessant historie, og ein fin stad å besøke https://www.setesdalsmuseet.no/faste-utstillingar/rygnestad-museum/

Fjellrein har no flytta inn i det gamle industribygget på Edland, og delar lokale med sølvsmed #StianRøkenesChristensen og #Fjellsmykke. Her er det mogleg å sjå og kjøpe produkta våre. Velkomen innom!