August - september: Haustsommar
Den beste tida på året for reinen er truleg når sommaren går mot haust. I fjellet blømer plantene, og dei er framleis næringsrike og grøne. Insekta er borte, og dyra får ro til å beite, kvile og tyggje drøv.
August er også ein fin månad for mange menneske i fjellet. Det er ei god tid for fjellvandring, bærsanking og etter kvart jakt. Slike aktivitetar kan også uroe reinsdyra. Fleire stader ser ein at reinen let vera å trekkje inn i og bruke område der det er turistløyper, hytter og vegar i fjellheimen.
I perioden frå 20.august til 30. september er det reinsjakt. Fjellet blir oppsøkt av jegerar, og det kan vera vanskeleg for reinen å finne ro. Særleg gjeld det i terreng med mange jegerar, og der det er flatt og ope. Dersom dyra blir uroa, får dei mindre tid til beite enn dei skulle. Då må bruke meir energi på å springe og trekkje, og dei går glipp av ei viktig tid når dei skal førebu seg til vinteren.
Men dersom dyra får gå i fred, er dette ei god tid for reinsflokkane. Enno går simlene i flokkar med kalvane sine og med andre ungdyr, medan bukkane kan gå saman i små grupper eller for seg sjølve. Mot slutten av august byrjar bukkane å bli urolege, og dei byrjar å leite opp simlene.
Geviret til bukkane er no stort sett ferdig utvakse. Det ser ein på at det mørke hudlaget som gjev geviret næring og vekst, basten, tørkar inn. Dei eldre bukkane byrjar feiinga. Då stangar og skubbar dei geviret i tre og buskar og gjer seg klare til kamp og konkurranse om simlene.
I denne tida trekkjer dyra gjerne ut av sommarbeiteområdet. Reinsdyra førebur seg til brunst og paring, og simle- og bukkeflokkane finn kvarandre etterkvart. I slutten av september byrjar brunsten.
Haustsommar - den beste tida på året?
Posted by Ragnhild Bjåen on