Natur og kultur - Alt heng saman

Posted by Ragnhild Bjåen on

Natur og kultur- kan ein snakke om det eine utan å ta med det andre? 

Reinen er den viktigaste kulturberaren i vår natur. Med ei 500000 år lang vandring saman har menneske og rein eit sjeldent band. 

«Har naturen det bra, så har menneska det bra. Har menneska det dårleg så har naturen det dårleg» er noko av essensen av dei gamle samiske verdiane. (1)

I dag, naturen kring oss slit, artar vert borte, klima endrar seg, leveområde forsvinn. Kanskje er det eit teikn på at menneske heller ikkje har det så bra? 

Det er framleis så mykje me ikkje veit.

Artar me ikkje kjenner. 

I økosystem. 

I næringsnett. 

Fletta saman. 

Tek me vekk det eine så vert ikkje nettet det same, vert ikkje så sterk. 

Kanskje kan eit fletteband av tradisjonskunnskap, urfolkskunnskap, erfaringar opparbeid i mange generasjonar, kopla med forsking og ny viten kan vise oss litt meir av dei store samanhengane? 

Planta marigras er òg ein kulturberar:

Marigras, sweetgras, godluktgras, Jomfru Maria sengehalm. Ei plante, ganske uansjåleg, men viktig i mange folkekulturar og urfolkkulturar, i Norden og i Nord-Amerika. Fletter med marigras vert tørka og dufta er rein, vaniljeaktig og søt. Me kan finne ho også her, i Setesdal, i gamle beitemarker, i slåttemyrer. I marigraset flettar ein saman notid, fortid, framtid - med kunnskap som bind saman folk og natur. 

Marigras. Stryk gjennom korngult hår. Fingrane fletter seg varsamt. Mjuke strå som glitrar solstriper i lufta. 
Små tak. Bind saman. Notid og fortid. Framtid.
Stryk gjennom sylvgrått hår. Fingrane fletter seg varsamt. Mjuke strå som glitrar solstriper i lufta .
Små tak. Bind saman. Notid og fortid. Framtid.
«Marigras - sweetgras. Moder jord sitt gylne hår. Ei flette av historar. Tre strengar. Ein med urfolk sin kunnskap. Dei som var her fyrst. Korleis dei tok vare på plantene. Ein annen streng der den vitskaplege kunnskapen om planter får stå. Ein tredje må til for å lage den vakraste fletta. Han viser kunnskapen som planta sjølv held. 
Ikkje kva me kan lære om planta - men kva me kan lære av planta». 

           (Ragnhild Bjåen. Inspirasjon: Robin Wall Kimmener, «Braiding sweetgras») 


Illustrasjon: Anne Lene Willemsen 

Referansar: 1: Máret Hætta, Mattis Danielsen

 

Older Post Newer Post

RSS