Segner og soger frå Setesdal 2025

Posted by Ragnhild Bjåen on

Det er mange plassar i nærområdet vårt der segner, soger og forteljingar er nært knytt til staden. Desse forteljingane handlar mykje om gamle dagar, men dei kan òg vera frå nyare tid. Segnene og sogene har litt fortalt igjen og igjen til stadig nye generasjonar. Me seier at dei har levd på folkemunne. 

Segnene gjev seg ut for å vera sanne, og dei er knytte til bestemte stader, personar eller hendingar. Sogene fortel mykje om livet i gamle dagar.

I 2021 gav Anne Margrete Bjåen og Tove Hertzberg ut ein serie med utvalde historiar og forteljingar frå Setesdal og traktene i kring. 

No er desse samla i ei ny bok med ei samling med 11 segner og soger. Det er også nokre nye historiar i boka, som også har med nokre nye illustrasjonar. Denne utgjevinga er støtta av Mållaget i Bykle.

Forfattar er Anne Margrete Bjåen. Tove Hertzberg har illustrert også denne boka. 

Her er det Anne Margrete sjølv seier om arbeidet med å samle, skrive ned og tilrettelegge forteljingane som er med i boka:

«Segner frå Setsdal» - er laga for formidling til barn og unge.

Tekst av Anne Margrete Bjåen

"For om lag 50 år sidan kom eg til Bjåen, ei fjellbygd i Bykle kommune, og her har eg blitt verande sidan. Noko av det fyrste eg fekk del i, var forteljartradisjonen om fjell og dyr og folk som levde og hadde levd i desse heiane gjennom tidene. Det var fasinerande, og det gav meg røter til staden som var så ulik min opprinnelege heimplass.

Gard og born og lærarjobb har tatt det meste av tida mi, men ved høgare alder får ein høve til å gjere andre ting. Noko av denne tida har eg gjennom fleire år nytta til å ha eventyrstund i barnehagane i Bykle ein gong i månaden. Dette har vore så moro. I periodar har eg brukte berre lokalt stoff som segner, forteljingar og eventyr. Då har eg leita og lytta og skrive ned for å formidle det vidare til borna. Det har blitt tatt godt i mot. Og då eg såg alt det eg hadde samla, fann eg ut at det kanskje kunne vere noko å formidle vidare. Alle treng ikkje å gjere den samme jobben som eg hadde gjort. Kanskje kunne ein få dette laga om til småbøker, lett tilgjengelege både i barnehagar, skular og heimar? Og så skulle dei vere på nynorsk. Det var viktig for meg."

Ideen vart presentert kommunen, og i 2021 vart dei 8 fyrste bøkene laga. Dei er så og sei utselde no, det er berre att nokre få. Difor sette me oss føre å gje ut ei ny bok. I 2025 kom denne nye samleboka. Målet med denne boka er det same som med dei fyrste. Utgjevinga av "Segner og soger frå Setesdal", 2025, er støtta av Mållaget i Bykle. 

Korleis me ville at bøkene skulle vera:

  • Bøkene skulle vere attkjennelege ; ein lik strek i alle bøkene. Det skulle vere kart i alle bøkene. Det skulle vere variasjon i type forteljing, geografi og tidsalder
  • Me ville lage boksar som dei åtte bøkene skulle stå i. Bokryggane er litt ulike slik at den observante personen kanskje kan sjå kva for bok som manglar. Eller så kunne ein starte med å kjøpe ei bok, skaffe seg ein tom boks og så supplere etterkvart slik at når boksen er full er samlinga komplett.

Kvifor gjer me dette?

  • Det er mange kjelder å leite i, men det er tidkrevjande. Og mange segner og soger og forteljingar lever berre i munnleg tradisjon. Og eigentleg kan ein ikkje lage for mykje om slikt, for alle er ulike og har sin vinkling og måte å formidle stoff på. Og nokon likar ein form andre ein annan.
    Dette me har laga, vonar me kan vere til nytte og glede og kunnskap og oppleving for nokon.
  • Og det er viktig å formidle « den immatrielle kulturarven» som dette stoffet høyrer heime i, til nye innbyggjarar og nye generasjonar for at det ikkje skal bli gløymd.
  • Dette stoff gjev identitet og ryggrad og kunnskap om staden ein er i frå.
  • Karta som finst i alle bøkene, skal vere med på i gi røter til staden og inspirasjon til fantasi og innleving.
  • Dokumentasjonen er viktig. Kvardagsliv i og historie om eldre tider går så lett i gløymeboka.
  • Bøkene er skrive på nynorsk i eit språk der vanskelege ord blir forklart og der setningane er enkle. Bøkene kan formidlast til barn gjennom høgtlesing, eller så kan dei gode lesarane lese sjølve.
  • Desse bøkene skal vere lette å finne for barnhagetilsette og lærarar når lokal kunnskap og identitet står på planen.
  • Foreldre og besteforeldre har noko å formidle frå gamle dagar.
  • Illustrasjonane er fantasiskapande og gjev inspirasjon til å skape noko sjølve.
  • Bøkene kan vere som ein turistguide: Finn stadene bøkene fortel om. Turmål for store og små hus- og hyttebuarar.
  • Bykle kommune har fått enno ein dokumentasjon på liv og virke gjennom tidene.


https://fjellrein.no/blogs/news/anne-margrete-bjaen?_pos=12&_sid=e9790f2ea&_ss=r

Boka finn du i nettbutikken Fjellrein. https://fjellrein.no/collections/boker/products/segner-og-soger-fra-setesdal-2025 

 

 

Older Post Newer Post

RSS