Fjellet som hugsar
Det ligg her
dette fjellet
som hugsar
kvitt
stille
vind
vidde
bergbratte liar
fjellbjørkeskog
greiner
sotblekk og gull
rennande
fjell
vatn
under is
kalde
is
dropar
under sol
svarte
berg
lav
under stup
fjellet
reinen kom til
menneska kom til
fjellet
som hugsar
stiane
der reinen har gått
der folk før har gått
fjellet som ber
minna
historien
kunnskapen
forteljingane
sjølve arven
det ligg her
dette fjellet
Kven kan sei at dei eig dette fjellet
