Haustvinter

Posted by Ragnhild Bjåen on

Haustvinter

Så er det her
Det stille teppet
Stilt
Kvitt
Legg seg heilt nedpå vasskorpa
Ei skjer rister vengene sine
frå greina over
Tunge stjernedråpar lagar ringar i vatnet.

Stilt
Kvitt
Fuglane - kor er dei?
Gøymt mellom snotunge greiner
Pakkar den florlette fjørkåpa kring seg
dukkar seg ned
Let det kvite teppet breie seg over
og bøyge ned døra av greiner
til det inste av bjørkekrona.

Stilltiande let bjørka seg bøyge
Tung er den fyrste snoen
Ho veit
snart vert stjernedråpane blanke
Smeltar.
Snart høyrer ein lyden av greinene som kastar snoen av seg
rettar seg opp.
Det rislar
som om det kviskrande orkestret let isflykser spela fyrstefiolin
saman med ei småvaknande kvitring frå ein kjøtmeis
Gøymt under snobrua

Så opnar porten seg
Til katedralen
med spir som strekkjer seg til himmels
Og let gullblada falle
saman med stjerneis
Lagar speglbilete av trekrona på bakken
Venger lettar
På tide å fara

Morgonen er her
Sola slår sprekkar i det kvitbreiande teppet
stilt
gullkvitt.

Den fyrste snoen.

«Eg høyrer på lyden,
på stega når eg går,
at i dag kan eg lage snomann»,
seier guten min med glede.


Samiske ord for snø:

njáhcu = kramsnø
vahca = nysnø
muohta = snø
oppas = snø utan spor            
seanjas = snø som ein tinar til vatn

ciegar = snømark der dyr har rota
soavli = snøslaps