GABBAS HJARTE

Posted by Ragnhild Bjåen on

Korleis vil reinen klare seg i framtida?

Vår eigen livsførsel og vår eigen kunnskap er dei viktigaste faktorane for korleis fjella våre vil verte forvalta i framtida. Forskning kan gje ny kunnskap, og me må lære av tradisjonskunnskapen som samane har i sin kultur og lokalkunnnskap som fjellfolk har opparbeidd seg gjennom historien. Me bør alle verte ein «bivdit» - ein som ber om å få noko, før me tar noko frå naturen.

Og kjærleiken til fjellet, den må me aldri gje vekk dersom me vil ta vare på viddene. Dersom me framleis ynskjer at at reinskalvane skal kunne springe omrkring på vårgrøne barflekkar mellom snøfonnene, at kalvtunge simler kan vandre til dei rolege områda vårvinterstid, at bukkane kan jage og passe flokken i brunsttida, omkransa av haustgul lyng og isklar luft. At me også i framtida kan sjå årstidene i fjellet gli umerkeleg over i kvarandre.

Kanskje også me då kan høyre den kvite reinsimla sitt hjarte slå?

GABBAS HJARTE
Guden over alle gudar, Jupmele, gjekk langs sjøen og såg på dei svarte bygljgene. På kvar bylgje rei det ei ånd som ropa og bråka. Jupmele var så lei av alt bråket og klaging frå underverda, at han bestemte seg for å lage ei vakker og ny verd. Han spurde son sin, Beaivie, solguden, om hjelp.

Beaivie kom - på ski - skispora synest enno over himmelen - mjølkevegen vert dei også kalla. «Eg vil skape eit godt og nytt land», sa Jupmele. Beaivie lova å lyse over landet og gjera det godt. Han lokka på Gabba, den kvite, vakre simla si. Strauk ho over pelsen, «- du vakre simle, deg vil eg bruke for å lage ei ny og vakker verd», sa han, før han knekte nakken på ho og slakta ho. Og han bruka den vakre reinen sin til å skape den nye verda.

Beaivie kasta eit bein ut i urtidsvatnet. Av det vart det bygd ei bru opp frå underverda- og på spissen opp mot lyset sette han den nye, gode verda (som når han set røykhullet på dei bøygde stokkane når han byggjer ei kåte).

Beina vart til skjelettet for jorda, kjøtet vart til marka, blodårene til dei store elvene, pelsen vart til dei frodige og grøne skogane.

Hovudet vart til mimmelkvelven og verna for dei sterke solstrålande.

Augo sette han på himmelen slik at dei som går i mørket skal finne vegen. Dei vart til nordstjerna og aftenstjerna. Desse to stjernene kunne å sjå ned på den einsame vandraren og lyse for han.

Hjarta gøymde han djupt i jorda. Og er det stille kan reinsgjetaren framleis leggje øyra til jorda og høyre hjarteslaga slå.

(Samisk skapelsesforteljing)

Den digitale boka "Fotavtrykk" fortel meir om fjellbygdane sin nærleik til det samiske, om tamreindrifta i fjellområda i sør, om tradisjonskunnskap og meir.

Boka finn du her