News
Use this section to provide a description of your blog.
Fjellgardskvinnene, kven var dei?
Posted by Tove Hertzberg on
Nokon var lukkelege trass harde liv.
Nokon var botnlause einsame.
Nokon levde til dei var hundre år.
Nokon døydde i barsel.
Nokon mista sine kjære alt for tidleg. Born, kjæraste, sysken, ektefelle.
Nokon fekk store slekter etter seg.
Nokon vaks opp hjå andre enn sine eigne foreldre.
Nokon tok på seg å ta seg av familien.
Nokon var fødd her.
Nokon kom langvegsfrå.
Dei fleste måtte ta vanskelege val.
Dei fleste ba om styrke.
Stillheten kring deg.
”Du høyrer meir der stillheten er større”.
For nokon var stillheten for stor.
For andre vart den trøysta.
Ingen stad å gøyme seg i det opne landskapet.
Ein fekk styrke til å stå i det.
Vissheten om at noko er større enn ein sjølv.
Vissheten om at du er en del av noko større enn deg sjølv.
Det gav meining.
Det gjev meining.
Veglaust. Vèrhardt. Einsamt.
Kva sat dei att med?
Kva gav dei vidare?
Kunnskap. Samhald. Solidaritet. Individualisme. Gjestfrihet. Raushet. Fridom
Vinden bles over flottene – himmelen er høg.
Du står godt som det er – men me er sterkare saman.
Du kan kjenne både sola si omfamning og vinden sin bøygde tak.
Du står sterk oppreist i landskapet.
------------------------------------
Historiske bilde lånt av Bykle kommune.
Skreve av Ragnhild Bjåen
Illustrert av Tove Hertzberg
Read more

Segner frå Setesdal
Posted by Tove Hertzberg on
No har bøkene kome:
«Segner frå Setsdal» - Boksamling av åtte bøker.
Laga for formidling til barn og unge.
Tekst av Anne Margrete Bjåen
For om lag 50 år sidan kom eg til Bjåen, ei fjellbygd i Bykle kommune, og her har eg blitt verande sidan. Noko av det fyrste eg fekk del i, var forteljartradisjonen om fjell og dyr og folk som levde og hadde levd i desse heiane gjennom tidene. Det var fasinerande, og det gav meg røter til staden som var så ulik min opprinnelege heimplass.
Gard og born og lærarjobb har tatt det meste av tida mi, men ved høgare alder får ein høve til å gjere andre ting. Noko av denne tida har eg gjennom fleire år nytta til å ha eventyrstund i barnehagane i Bykle ein gong i månaden. Dette har vore så moro. I periodar har eg brukte berre lokalt stoff som segner, forteljingar og eventyr. Då har eg leita og lytta og skrive ned for å formidle det vidare til borna. Det har blitt tatt godt i mot. Og då eg såg alt det eg hadde samla, fann eg ut at det kanskje kunne vere noko å formidle vidare. Alle treng ikkje å gjere den samme jobben som eg hadde gjort. Kanskje kunne ein få dette laga om til småbøker, lett tilgjengelege både i barnehagar, skular og heimar? Og så skulle dei vere på nynorsk. Det var viktig for meg.
Ideen vart presentert kommunen, og i 2019 blei me einige og sette i gang. Avtala var å lage 8 bøker. Eg fekk kontakt med kunstnaren Tove Hertzberg gjennom dottera mi, Ragnhild, og Tove ville vere med. Me har samarbeida godt. Og slik var tanken:
- Bøkene skulle vere attkjennelege ; ein lik strek i alle bøkene. Det skulle vere kart i alle bøkene. Det skulle vere variasjon i type forteljing, geografi og tidsalder
- Me ville lage boksar som dei åtte bøkene skulle stå i. Bokryggane er litt ulike slik at den observante personen kanskje kan sjå kva for bok som manglar. Eller så kunne ein starte med å kjøpe ei bok, skaffe seg ein tom boks og så supplere etterkvart slik at når boksen er full er samlinga komplett.
No er produktet fullført! Du finn dei her: Segner frå Setesdal
Kvifor gjer me dette?
- Det er mange kjelder å leite i, men det er tidkrevjande. Og mange segner og soger og forteljingar lever berre i munnleg tradisjon. Og eigentleg kan ein ikkje lage for mykje om slikt, for alle er ulike og har sin vinkling og måte å formidle stoff på. Og nokon likar ein form andre ein annan.
Dette me har laga, vonar me kan vere til nytte og glede og kunnskap og oppleving for nokon. - Og det er viktig å formidle « den immatrielle kulturarven» som dette stoffet høyrer heime i, til nye innbyggjarar og nye generasjonar for at det ikkje skal bli gløymd.
- Dette stoff gjev identitet og ryggrad og kunnskap om staden ein er i frå.
- Karta som finst i alle bøkene, skal vere med på i gi røter til staden og inspirasjon til fantasi og innleving.
- Dokumentasjonen er viktig. Kvardagsliv i og historie om eldre tider går så lett i gløymeboka.
- Bøkene er skrive på nynorsk i eit språk der vanskelege ord blir forklart og der setningane er enkle. Bøkene kan formidlast til barn gjennom høgtlesing, eller så kan dei gode lesarane lese sjølve.
- Desse bøkene skal vere lette å finne for barnhagetilsette og lærarar når lokal kunnskap og identitet står på planen.
- Foreldre og besteforeldre har noko å formidle frå gamle dagar.
- Illustrasjonane er fantasiskapande og gjev inspirasjon til å skape noko sjølve.
- Bøkene kan vere som ein turistguide: Finn stadene bøkene fortel om. Turmål for store og små hus- og hyttebuarar.
- Bykle kommune har fått enno ein dokumentasjon på liv og virke gjennom tidene.
Utgjevar: Bykle kommune
Tekst: Anne Margrete Bjåen
Illustrasjon: Tove Hertzberg
Forlag: Fjellrein AS

VINTER
Posted by Tove Hertzberg on
Fjellets 8 årstider
Vinter, desember - februar
Reinsflokken delar seg oftast etter at bukkane har felt geviret, i november - desember. Då held simlene og ungdyra mest saman, medan bukkane dreg ut for seg sjølve i mindre flokkar. No er det simlene som har gevir, og dei kan jaga vekk dei andre dyra for å finne den beste maten til seg og fosteret som skal vekse inne i dei.
Når reinen går saman i flokkar, er dei betre verna for rovdyr. Dei er også fleire til å grava fram maten i snøen, og fleire til å halde vakt. Reinen har svært god luktesans og brukar vinden for å kjenne framande luktar. Er det vanskelege vintrar, vil reinen dela seg opp i mindre flokkar.
Vinteren er ei utfordrande tid for reinen, sjølv om ingen dyr toler kulde og snø så godt som reinsdyr. Det er ingen andre hjortedyr som har så tykk pels med så mange, tynne ullhår. Dei isolerer så godt at snøen ikkje eingong tinar på bakken der reinsdyra har lege. Og så har reinen tre gonger så mange dekkhår som elg og hjort. Dei lange dekkhåra fangar lufta og tek av for vind og væte. Sjølv mulen er dekt av hår.
Klauvene er runde og ber godt i laus snø, nett som trugar. Reinsdyra brukar dei til å grava og hogge seg gjennom snø- og islaga. Dei har også eit syn som oppfattar ultrafiolett lys (UV-lys). Det gjer at dei ser godt i kvite landskap og kan sjå både terrenget og rovdyr betre.
Det vanskelegaste for reinen om vinteren er å finne nok mat. Den mest vanlege vinterføda er lav. Lav veks på rabbar og toppar der vinden blæs av det meste av snøen. Men dei et også lyng, visna gras, mose og knoppar av dvergbjørk der dei finn dette. Det kan vera vanskeleg å koma ned til lavet dersom det er mykje is og snø. Reinen grev seg gjennom snøen og lagar beitegroper. Dei runde, harde, spisse klauvene er gode å grava med, og dei kan hogge seg gjennom harde snø- og islag. Det er lettast å grava fram lav og lyng på fjellrabbane og høgdene der snøen har blåse av. Når dei grev, sparkar dei også laus mykje lav, og ein del av dette blir liggande bakanfor beitegropene. Desse lavrestane kan vera viktige for dyr som har låg status, og som ikkje får tak i gode beiteplassar sjølve.
Dei tøffaste vintrane for reinen er når det er mildt og mykje nedbør. Då vil det leggje seg eit tykt islag over marka, og det blir endå vanskelegare å grave fram maten. Dersom det i tillegg er mykje snø, er det langt ned til maten sjølv der det ikkje er is. Reinen kan lukte lav gjennom 60 cm med snø!
I slike vintrar er det enklast for reinen å nå ned til lav som veks på stein og berg. Men å gnage av lav frå steinane, slit veldig på tennene. Og å få nedslitne tenner er kritisk, for utan tenner er det vanskeleg å overleva. Reinen kan også trekkje ned i skogen for å eta lav av trestammer, og kanskje er det mindre is på marka der.
Det er difor viktig at reinen har stort nok område til å kunne finne det beste beitet om vinteren, og slik at dei ikkje blir uroa. Dersom reinen blir skremd, får han ikkje tid til å grava fram beitet og finne seg nok mat. Då må dei i staden bruke energi på å rømme frå farar.
I uvêr er det vanskeleg for reinen å grave groper. Ofte legg dyra seg ned og let snøen føykje over seg til dei verste byene er over. Nokre dyr står likevel nesten alltid fremst i flokken, med hovudet mot vinden og snøføykja. Etter ei stund går dei og legg seg bakarst i flokken der det er meir ly, og så er det nokre andre som tek fremste vakta. Slik skifter dei på gjennom uvêret. Det ser ut til at det alltid er nokon som er på vakt. Om vinteren brukar reinen omlag halvparten av tida på beiting, litt mindre på kvile og resten på å gå og til «sosiale aktivitetar».
Reinen vil vandre til områda der det er lettast å finne mat om vinteren. I spora av reinsflokken kan ein ofte sjå jerv, som også er på leiting etter mat. Eller ulv, dersom han er i området. Fjellrypa får også hjelp av reinen til å finne mat. Ho likar seg der reinen har vore fyrst og grave fram vegetasjonen.
Ønsker du å vita meir? Sjå her: Der reinen går er jorda freda

Reinen og jola
Posted by Tove Hertzberg on
Det er jol. Denne høgtida som har så lange tradisjonar, både som før-kristeleg midtvintersfeiring og i kristen tru.
Sjølve ordet jul kjem frå det norrøne ordet jól. Guden Odin hadde tilnamnet Jólnir, og mykje tyder på at han var midtpunktet for feiringa i norrøn tid kring vintersolkverv og midtvinterdagen, 21.desember og 12.januar.
Den kristne høgtida endra jól til feiringa av Jesu fødsel. På primstaven er det merkt av fleire merkedagar i denne tida. Tomasmesse, 21. desember, har symbola kors, sol og halvsol. Juledagen har symbol som drikkehorn, kors og krybbe, og trettandedagen 6. januar har merka kors og tre kroner. https://snl.no/primstav
I dag er jola fylt med symbol frå ulike kulturar. Englar, juletre, nissar, stjerner, og halmbukkar.
Og midt oppi dette har me reinsdyr. Korleis har det seg at reinsdyr er knytt opp til julenissen og julefeiringa?
Julenisse og reinsdyr vart bruka fyrste gong i ein kommersiell reklame for reinsdyrkjøt i USA på slutten av 1800-talet. Eit opptog av reinar med slede julenissar som delte ut gåver. Synet vekte begeistring, og styrkte den moderne amerikanske julemyta om med Santa Claus, Rudolf og reisa frå Nordpolen.
Men kven visste at reinen i opptoget var frå Finnmark, og at kvar rein vart leia av samar?
På slutten av 1800-talet flytta fleire samiske familiar frå indre Finnmark til Alaska med 500 rein. I Alaska skulle dei lære inuittane å drive reindrift. Eit norsk-amerikansk selskap skulle distribuere og selje reinskjøtet, og laga difor dette reklameopptoget. Det vart ein kjempesuksess, og showet vart vist i mange amerikanske byar, frå austkysten til vestkysten.
Les meir om denne interessante historien i villrein.no: https://www.villrein.no/aktuelt/rudolf-korleis-oppstod-myten.
Reinen og jola i heimlege fjell.
I Setesdalsheiane aust- og vesthei er det tilsaman omlag 5000 reinsdyr. I dag villrein, men også dei er etterkomarar etter tamrein. Både tamrein og villrein høyrer til same art og underart, rangifer tarandus tarandus; tundrarein.
I juletida førebur reinen seg til hardare dagar. Til veker og månadar med skiftande vèr. Frå regn til kulde. Frå djup snø til tykk is. Det er lenge att til våren og den fyrste grøne spira. Dei korte dagane går med til å finne beite. Vera i ro. Spare energi. Ikkje måtte rømme frå uroing.
Lat også reinen få ei fredeleg julehøgtid.