Fjellgardskvinnene, kven var dei?

Posted by Tove Hertzberg on

Kven var dei?
Nokon var lukkelege trass harde liv.
Nokon var botnlause einsame.
Nokon levde til dei var hundre år.
Nokon døydde i barsel.
Nokon mista sine kjære alt for tidleg. Born, kjæraste, sysken, ektefelle.
Nokon fekk store slekter etter seg.
Nokon vaks opp hjå andre enn sine eigne foreldre.
Nokon tok på seg å ta seg av familien.
Nokon var fødd her.
Nokon kom langvegsfrå.
 
Dei fleste måtte ta vanskelege val.
Dei fleste ba om styrke.
 
Stillheten kring deg.
”Du høyrer meir der stillheten er større”.
For nokon var stillheten for stor.
For andre vart den trøysta.
 
Ingen stad å gøyme seg i det opne landskapet.
Ein fekk styrke til å stå i det.
 
Vissheten om at noko er større enn ein sjølv.
Vissheten om at du er en del av noko større enn deg sjølv.
Det gav meining.
Det gjev meining.
 
Veglaust. Vèrhardt. Einsamt.
 
Kva sat dei att med?
Kva gav dei vidare?
 
Kunnskap. Samhald. Solidaritet. Individualisme. Gjestfrihet. Raushet. Fridom
 
Vinden bles over flottene – himmelen er høg.
Du står godt som det er – men me er sterkare saman.
 
Du kan kjenne både sola si omfamning og vinden sin bøygde tak.
Du står sterk oppreist i landskapet.

 

------------------------------------

 

Historiske bilde lånt av Bykle kommune.

Skreve av Ragnhild Bjåen

Illustrert av Tove Hertzberg