Reinen og jola

Posted by Tove Hertzberg on

Det er jol. Denne høgtida som har så lange tradisjonar, både som før-kristeleg midtvintersfeiring og i kristen tru.

 

Sjølve ordet jul kjem frå det norrøne ordet jól. Guden Odin hadde tilnamnet Jólnir, og mykje tyder på at han var midtpunktet for feiringa i norrøn tid kring vintersolkverv og midtvinterdagen, 21.desember og 12.januar.

 

Den kristne høgtida endra jól til feiringa av Jesu fødsel. På primstaven er det merkt av fleire merkedagar i denne tida. Tomasmesse, 21. desember, har symbola kors, sol og halvsol. Juledagen har symbol som drikkehorn, kors og krybbe, og trettandedagen 6. januar har merka kors og tre kroner. https://snl.no/primstav

 

I dag er jola fylt med symbol frå ulike kulturar. Englar, juletre, nissar, stjerner, og halmbukkar.

 

Og midt oppi dette har me reinsdyr. Korleis har det seg at reinsdyr er knytt opp til julenissen og julefeiringa?

 

Julenisse og reinsdyr vart bruka fyrste gong i ein kommersiell reklame for reinsdyrkjøt i USA på slutten av 1800-talet. Eit opptog av reinar med slede julenissar som delte ut gåver. Synet vekte begeistring, og styrkte den moderne amerikanske julemyta om med Santa Claus, Rudolf og reisa frå Nordpolen.

 

Men kven visste at reinen i opptoget var frå Finnmark, og at kvar rein vart leia av samar?

 

På slutten av 1800-talet flytta fleire samiske familiar frå indre Finnmark til Alaska med 500 rein. I Alaska skulle dei lære inuittane å drive reindrift. Eit norsk-amerikansk selskap skulle distribuere og selje reinskjøtet, og laga difor dette reklameopptoget. Det vart ein kjempesuksess, og showet vart vist i mange amerikanske byar, frå austkysten til vestkysten.

 

Les meir om denne interessante historien i villrein.no: https://www.villrein.no/aktuelt/rudolf-korleis-oppstod-myten.

 

Reinen og jola i heimlege fjell.

I Setesdalsheiane aust- og vesthei er det tilsaman omlag 5000 reinsdyr. I dag villrein, men også dei er etterkomarar etter tamrein. Både tamrein og villrein høyrer til same art og underart, rangifer tarandus tarandus; tundrarein.

I juletida førebur reinen seg til hardare dagar. Til veker og månadar med skiftande vèr. Frå regn til kulde. Frå djup snø til tykk is. Det er lenge att til våren og den fyrste grøne spira. Dei korte dagane går med til å finne beite. Vera i ro. Spare energi. Ikkje måtte rømme frå uroing.

 

Lat også reinen få ei fredeleg julehøgtid.