News
Fjellrein ynskjer å dele kunnskap, tankar og refleksjonar om natur, kultur og fjell-livet.
Natur og kultur - Alt heng saman
Posted by Ragnhild Bjåen on
Natur og kultur- kan ein snakke om det eine utan å ta med det andre?
Reinen er den viktigaste kulturberaren i vår natur. Med ei 500000 år lang vandring saman har menneske og rein eit sjeldent band.
«Har naturen det bra, så har menneska det bra. Har menneska det dårleg så har naturen det dårleg» er noko av essensen av dei gamle samiske verdiane. (1)
I dag, naturen kring oss slit, artar vert borte, klima endrar seg, leveområde forsvinn. Kanskje er det eit teikn på at menneske heller ikkje har det så bra?
Det er framleis så mykje me ikkje veit.
Artar me ikkje kjenner.
I økosystem.
I næringsnett.
Fletta saman.
Tek me vekk det eine så vert ikkje nettet det same, vert ikkje så sterk.
Kanskje kan eit fletteband av tradisjonskunnskap, urfolkskunnskap, erfaringar opparbeid i mange generasjonar, kopla med forsking og ny viten kan vise oss litt meir av dei store samanhengane?
Planta marigras er òg ein kulturberar:
Marigras, sweetgras, godluktgras, Jomfru Maria sengehalm. Ei plante, ganske uansjåleg, men viktig i mange folkekulturar og urfolkkulturar, i Norden og i Nord-Amerika. Fletter med marigras vert tørka og dufta er rein, vaniljeaktig og søt. Me kan finne ho også her, i Setesdal, i gamle beitemarker, i slåttemyrer. I marigraset flettar ein saman notid, fortid, framtid - med kunnskap som bind saman folk og natur.
Marigras. Stryk gjennom korngult hår. Fingrane fletter seg varsamt. Mjuke strå som glitrar solstriper i lufta.
Små tak. Bind saman. Notid og fortid. Framtid.
Stryk gjennom sylvgrått hår. Fingrane fletter seg varsamt. Mjuke strå som glitrar solstriper i lufta .

«Marigras - sweetgras. Moder jord sitt gylne hår. Ei flette av historar. Tre strengar. Ein med urfolk sin kunnskap. Dei som var her fyrst. Korleis dei tok vare på plantene. Ein annen streng der den vitskaplege kunnskapen om planter får stå. Ein tredje må til for å lage den vakraste fletta. Han viser kunnskapen som planta sjølv held.
Ikkje kva me kan lære om planta - men kva me kan lære av planta».
(Ragnhild Bjåen. Inspirasjon: Robin Wall Kimmener, «Braiding sweetgras»)
Illustrasjon: Anne Lene Willemsen
Referansar: 1: Máret Hætta, Mattis Danielsen
Read more

Læhkoeh biejjine! Gratulerer med dagen!
Posted by Ragnhild Bjåen on
Læhkoeh biejjine! Gratulerer med dagen!

I går, 6. februar, var me heldige å få invitasjon til å vera med å feire Samanes nasjonaldag i Valle, på biblioteket.
Me har også fått lov til å stille ut vandreutstillinga Reinkula her på biblioteket, som den fyrste stoppet på vandreruta. Det synest me var veldig moro, og er både audmjuke, takksame og synest det er veldig stas å få gjera det på¨denne dagen.
Takk for invitasjonen til å sei litt om arbeidet vårt, og takk for at de tek i mot Reinkula.
Og takk for at de markerer denne dagen her i Valle!
Det betyr noko – for historia, for samtida, og for framtida.
«Me har alle ei felles kulturarv.
Setesdal og det samiske.
Urfolkkunnskap, tradisjonskunnskap.
Nærleiken til fjellet.
Natur, naturkjensle.
Folketru, eventyr, soger.
Det er mange trådar som bind oss saman.
I notid, fortid, framtid.»
Me håpar at me kan koma att og ha eit opplegg saman med skulen før Reinkula vandrar vidare.
I mellomtida håpar me at mange tar seg tid til å kikke litt på utstillinga.
På biblioteket ligg det også eit vandrekart som kan hjelpe med å finne fram.
Takk.

Segner og soger frå Setesdal 2025
Posted by Ragnhild Bjåen on
Det er mange plassar i nærområdet vårt der segner, soger og forteljingar er nært knytt til staden. Desse forteljingane handlar mykje om gamle dagar, men dei kan òg vera frå nyare tid. Segnene og sogene har litt fortalt igjen og igjen til stadig nye generasjonar. Me seier at dei har levd på folkemunne.
Segnene gjev seg ut for å vera sanne, og dei er knytte til bestemte stader, personar eller hendingar. Sogene fortel mykje om livet i gamle dagar.
I 2021 gav Anne Margrete Bjåen og Tove Hertzberg ut ein serie med utvalde historiar og forteljingar frå Setesdal og traktene i kring.
No er desse samla i ei ny bok med ei samling med 11 segner og soger. Det er også nokre nye historiar i boka, som også har med nokre nye illustrasjonar. Denne utgjevinga er støtta av Mållaget i Bykle.
Forfattar er Anne Margrete Bjåen. Tove Hertzberg har illustrert også denne boka.
Her er det Anne Margrete sjølv seier om arbeidet med å samle, skrive ned og tilrettelegge forteljingane som er med i boka:
«Segner frå Setsdal» - er laga for formidling til barn og unge.
Tekst av Anne Margrete Bjåen
"For om lag 50 år sidan kom eg til Bjåen, ei fjellbygd i Bykle kommune, og her har eg blitt verande sidan. Noko av det fyrste eg fekk del i, var forteljartradisjonen om fjell og dyr og folk som levde og hadde levd i desse heiane gjennom tidene. Det var fasinerande, og det gav meg røter til staden som var så ulik min opprinnelege heimplass.
Gard og born og lærarjobb har tatt det meste av tida mi, men ved høgare alder får ein høve til å gjere andre ting. Noko av denne tida har eg gjennom fleire år nytta til å ha eventyrstund i barnehagane i Bykle ein gong i månaden. Dette har vore så moro. I periodar har eg brukte berre lokalt stoff som segner, forteljingar og eventyr. Då har eg leita og lytta og skrive ned for å formidle det vidare til borna. Det har blitt tatt godt i mot. Og då eg såg alt det eg hadde samla, fann eg ut at det kanskje kunne vere noko å formidle vidare. Alle treng ikkje å gjere den samme jobben som eg hadde gjort. Kanskje kunne ein få dette laga om til småbøker, lett tilgjengelege både i barnehagar, skular og heimar? Og så skulle dei vere på nynorsk. Det var viktig for meg."
Ideen vart presentert kommunen, og i 2021 vart dei 8 fyrste bøkene laga. Dei er så og sei utselde no, det er berre att nokre få. Difor sette me oss føre å gje ut ei ny bok. I 2025 kom denne nye samleboka. Målet med denne boka er det same som med dei fyrste. Utgjevinga av "Segner og soger frå Setesdal", 2025, er støtta av Mållaget i Bykle.
Korleis me ville at bøkene skulle vera:
- Bøkene skulle vere attkjennelege ; ein lik strek i alle bøkene. Det skulle vere kart i alle bøkene. Det skulle vere variasjon i type forteljing, geografi og tidsalder
- Me ville lage boksar som dei åtte bøkene skulle stå i. Bokryggane er litt ulike slik at den observante personen kanskje kan sjå kva for bok som manglar. Eller så kunne ein starte med å kjøpe ei bok, skaffe seg ein tom boks og så supplere etterkvart slik at når boksen er full er samlinga komplett.
Kvifor gjer me dette?
-
Det er mange kjelder å leite i, men det er tidkrevjande. Og mange segner og soger og forteljingar lever berre i munnleg tradisjon. Og eigentleg kan ein ikkje lage for mykje om slikt, for alle er ulike og har sin vinkling og måte å formidle stoff på. Og nokon likar ein form andre ein annan.
Dette me har laga, vonar me kan vere til nytte og glede og kunnskap og oppleving for nokon. - Og det er viktig å formidle « den immatrielle kulturarven» som dette stoffet høyrer heime i, til nye innbyggjarar og nye generasjonar for at det ikkje skal bli gløymd.
- Dette stoff gjev identitet og ryggrad og kunnskap om staden ein er i frå.
- Karta som finst i alle bøkene, skal vere med på i gi røter til staden og inspirasjon til fantasi og innleving.
- Dokumentasjonen er viktig. Kvardagsliv i og historie om eldre tider går så lett i gløymeboka.
- Bøkene er skrive på nynorsk i eit språk der vanskelege ord blir forklart og der setningane er enkle. Bøkene kan formidlast til barn gjennom høgtlesing, eller så kan dei gode lesarane lese sjølve.
- Desse bøkene skal vere lette å finne for barnhagetilsette og lærarar når lokal kunnskap og identitet står på planen.
- Foreldre og besteforeldre har noko å formidle frå gamle dagar.
- Illustrasjonane er fantasiskapande og gjev inspirasjon til å skape noko sjølve.
- Bøkene kan vere som ein turistguide: Finn stadene bøkene fortel om. Turmål for store og små hus- og hyttebuarar.
- Bykle kommune har fått enno ein dokumentasjon på liv og virke gjennom tidene.
https://fjellrein.no/blogs/news/anne-margrete-bjaen?_pos=12&_sid=e9790f2ea&_ss=r
Boka finn du i nettbutikken Fjellrein. https://fjellrein.no/collections/boker/products/segner-og-soger-fra-setesdal-2025

Skikunst
Posted by Ragnhild Bjåen on
Ski og tamreindrift i fjellområda i sør
I fjellområda her langt sør, i Setesdalsheiane og Hardangervidda, vart tamrein henta frå sørsamiske område vinterstid. Det var ski og køyrerein som gjorde denne flyttinga mogleg. Med reinen og samane kom også kunnskap og ekspertise, både om reindrift og kva utstyr som måtte til for å greie desse enormt lange turane.I Fjellgardane øvst i Setesdal lærde også bygdefolk skimakeri og sauming av hudsko frå sørsamane.

Vinter
Posted by Ragnhild Bjåen on
Vinter
Eit nytt år er på veg. Og me er inne i ein ny vinter.
I fjellheimen i Setesdal har det kome lite snø til no, ein uvanleg desember og start på januar.
Men kanskje er det godt for dyra i fjellet?
Reinen kan finne seg beite - lav, lyng, visna gras - utan å måtte grave så djupt.
Så lenge det ikkje er islagt.
Vekslinga mellom mildver og regn med kulde kan dekke berg og rabb med blank is. Det er det hardaste vèrlaget for reinsdyr. Isen kan vera så hard at dei ikkje klarer å slå seg gjennom med klauvene. Tennnene må skrape av dei tynne laga av lav på stein og fjell. Ofte trekker dyra ned i skogkanten, der snøen er lausare, men djupare. Og der dei kan finne lav på trestammer som kan spe på den sparsommelege kosten.
Det er harde omgjevnader å leve i. Og reinen er ekstremt godt tilpassa eit kaldt klima med lite tilgjengeleg mat vinterstid. Men ein flokk med reinsdyr treng store område for å finne nok mat til alle. Og dei må få gå i fred, sleppe å bruke unødvendig energi på å flykte.
- Dei går mot vinden - alltid mot vind- for å vita kva som ligg framføre dei.
- Dei kan lukte lav under 60 cm snø.
- Dei kan sjå skuggar i snøkvite og snømørke flater.
- Dei treng ikkje bruke energi på å halde varmen før temperaturen vert under -40 grader.
- På ein kvadratcentimeter av gråbrun reinpels er det 2700 luftfylte hår.
Når tilhøva endrar seg vil reinen naturleg vandre på leiting etter næring og ro. Eit område med ulike kvalitetar gjev fleire mogleghetar når vèr og vind endrar seg.
Høgfjell med frodige grassnøleier og avblåsne lavmatter, storrike myrar til vår- og haustbeite, luftige skuggesider i varme sommardagar, bratte vårlier, vinterskog med bærlyng og attåtbeite til islagde fjell.
Dei leitar etter dei beste beiteplassane etter som tilhøva endrar seg gjennom året.
Eit endra klima, meir veksling mellom kalde og milde dagar, meir nedbør, meir vind, meir regn. Tilhøve og eit miljø som endrar seg raskt krev endå meir av leveområda.
Og dyra treng å få vera i fred i dette mangfaldige landskapet.
Eit stormande landskap. Eit stille landskap.
Også me finn me lettare vegen heim i stormen om me ser skilnadene i landskapet som ligg framføre oss.
Foto og dikt av Arvid Malme:
Vinter
Vi gikk hele dagen
Ett sted må det stå skrevet
at vi gikk over fjellet i snøstorm
at vi samlet all vår varme rundt øynene
nesa og munnen
og i halsen gjennomboret av ispigger
Vi torde ikke hvile
eller søke ly under skavlene
Føttene som strittet imot
skrittene vi ikke kunne la være å ta
ett for ett
hodestups mot vind-repene
livredde for å gi opp bevegelsen
På grammofonplate har jeg hørt lyder
som liksom snøfokket
tømte hodet
og tettet igjen høregangene
Øynene søkte hele tiden det ubeveglige
En reinsdyrkropp
kuldebalsamert med avpillet hodeskalle
og horn som steinkvister vinden ikke fikk tak i
etset på netthinnen et forlokkende stilleben som
vi nesten ikke greide å rive oss løs fra
Tiden var ikke lenger til å måle
Veien en dirrende nål i kompasset
Endelig. Ski som gled av seg selv
Verkende tunge kropper
på skyer av snø. Fallende. Synkende.
Ned skaret. Og skumringen. Gispende
omfavnmet vi svaiende bjørkestammer
og var nede i ly av skogen.
Etterpå har det foresvevet meg
at jeg utenpå stormens hvite krystall-lerret
hadde sett dette landskapet
i klare skarpe høstfarger hver gang jeg for et øyeblikk
lukket øynene
for å finne veien hjem