Fjellreinsølja 2023

Posted by Ragnhild Bjåen on

Toni Mudenia har laga åtte nye søljer til oss. 


Toni har vore elev på gullsmedlina i Valle ved Setesdal vidaregåande skule, og er no lærling. I 2021 laga ho den fyrste Fjellreinsølja, som eit resultat av eit samarbeid mellom Fjellrein og Valle VGS. 


Toni Mudenia er no gullsmedlærling på siste året av utdanninga, og går opp til svennebrev i juni 2024. Tidleg i 2023 starta ho eiga firma, Mūdenia Design, der ho produserer og sel eiga design. Som lærling øver ho også på dei mange teknikkane i gullsmedfaget, og øver mykje for å bli skikkelig god. Du kan fylgje med på alt ho gjer på Instagram @mudenia_design.


Me er veldig stolte og glade for at Toni ville designe ei ny sølje til Fjellrein. Les under kva ho skriv om designet og produksjonen. 

Sølja kan kjøpast på Fjellrein nettbutikk eller bestillast via post@bjaen.no 


Fjellreinsølja 2023
av Toni Mudenia
«Reinen lever etter 8 årstider, de 8 kulene over nordlyset på søljen representerer dette, samt de 8 søljene som nå er laget. Selve reinen er i sentrum av søljen. Der vandrer den over den frostdekkede vidda, og setter kun igjen vakre spor i laven.


Alle fjellreinsøljene er håndlaget av 925 sølv, et materiale som egner seg godt for smykker, da det reflekterer lyset godt, og er lett å jobbe med. Nordlyset bak reinen er laget av kobber, som reagerer interessant på varme, og man kan bruke dette til å få fram forskjellige farger. Mvh Toni».