VILLREIN

Me er no midt i leveområdet for Europas sørlegaste villreinstammer.

 
Under villrein er det naturleg å ta med den lange historien som reinen og menneske har i samen. Og å trekkje dei lange trådane; frå fangst og overleving i Sør-Europa for 40000 år sidan (ref. grottemåleri i Grotte Chauvet-Pont d’Arc), istid og tilbaketrekking av isen, innvandring av rein og menneske; kva levde dei av, fram til reinen i dag som Europas sørlegaste villreinstamme. Og biologi, dei fysiologiske tilpasningane reinen har utvikla i samspel med levevilkåra sine. Kva utfordringar har for reinen i dag, kva med framtida? Og kva ressurs er reinen i fjella våre i dag?
 
Reinen - både villrein og tamrein - har levd i saman med fjellgardingar og fjellfolk i tusenvis av år. Reinen er ikkje berre ein art, det er også ein kulturberar. Og det er så mykje kunnskap, historie og kultur knytt saman med rein - «dyr», som dei seier her i Fjellgardane. Alt dette har me alle eit stort ansvar for å ta vare på, for framtida, for borna våre.  
Reinen - «dyre»- kan tola 50 minusgrader. Dei kan overleve på ein tommel med lav om dagen. Dei kan overvintre på ei næring som ikkje inneheld protein. Dei kan resirkulere sin eigen urin for å skaffe nok protein. Dei kan sjå og lukte lav under 60 cm sno. Dei kan grave seg ein meter ned i snoen med framklauvene etter mat. Dei kan «hugse» trekkvegar frå generasjon til generasjon. Dei har overlevd istid og landheving. Me - menneske - har fylgt etter, og overlevd fleire tusen år mykje på grunn av rein. Reinen gav oss mat, reiskap og klede og varme. Alt kan ein bruke til noko på ein rein.
Men i dag så er dei likevel er så sårbare. Sårbare for dei vala me tar. Sårbare for levesettet vårt. For kunnskapsløysa vår - eller er det kanskje grådigheten vår?
Har me råd til det?
.
 
 

Korleis kom reinen til heiane våre?

Før istida var reinen utbreidd over store delar Europa. Reinen har vore det viktigaste næringsgrunnlaget til menneske i Europa frå mange tusen år attende. I grotter i Sør-Frankrike finn ein måleri frå 30000 år sidan, der dei har måla det dei levde av. Arkeologiske undersøkingar visar at hovudføda i lange periodar var rein, i tillegg gav reinen materialar til reiskap og klede.

Ettersom isen trekte seg attende etter siste istid, for omlag 10000 år sidan, fylgde reinen etter. Og med den folk som veida og jakta på reinen.

Sidan då har reinen vore ein viktig ressurs for fjellområda og fjellfolka. Ein kan finne mange kulturminne knytt til fangst og jakt på rein, også i våre eigne heiar.

I tillegg har tamreindrifta ført vidare mykje av kunnskapen om reinen i seg sjølv, og ikke minst kor mykje av reinen som kan nyttast til mat, klede og reiskap.

På slutten av 1800 talet var reinen i store fjellområde utrydda og fortrengt av jakt og fangst. I denne tida vart det også fleire som etablerte seg med tamrein i dei sørlegare fjellområda. Fleire av villreinstammene i dag er difor etterkomarar og oppblanda med tamrein frå den tid. I Setesdalsheiane helt tamreindrifta fram til 1979.

 

 

Villreinområde og villreinregionar. Kvifor villreinområde?

Noreg er det einaste landet i Europa med villrein. Det ligg eit særskild ansvar for å ta vare på villreinstammene i Noreg. Det vil også sei at Noreg har eit ansvar for ei berekraftig forvaltning av villreinen, slik at ein også i framtida har villreinstammer i Noreg.

Villreinen krev store areal, og det er difor svært viktig å sikre at leveområda til villreinen ikkje vert bygd ned eller oppdelt for mykje. Fleire av villreinområda har difor vern som nasjonalparkområde eller landskapsvernområde, slik som Setesdal Vesthei Ryfylke- og Frafjordheiane landskapsvernområde (SVR). Det er også utarbeidd regionale planar, mellom anna Heieplanen, som skal vera med på å sikre leveområda i framtida.

Villreinområde i Noreg

I Noreg har me 23 villreinområde. Desse har forvaltningsansvar for kvar si stamme med villrein. Til saman tel villreinen i Noreg vinterstid 25000 dyr.

Det er også oppretta 10 nasjonale villreinområde, samt to europeiske villreiregionar. Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei er to av desse villreinområda, og høyrer saman med Hardangervidda og Nordfjella til den sørlege europeiske villreinregionen.

 

Korleis har reinen overlevd heilt sidan før istida?

Reinen har overlevd istid og klimaendringar. Korleis kan dei overleve i så ulike omgjevnader?

 

 

Reinen har utvikla fleire biologiske og fysiologiske tilpasningar som gjer at dei kan leva i vèrhardt høgfjell, både sommar og vinter.

Gevir

Hjå reinen har også hodyra, simlene, gevir. Bukkane feller gevira etter paringa om hausten, medan simlene har geviret sitt til etter kalvinga om våren. Simlene treng då det beste beitet, og nyttar geviret til å jage vekk andre. Kalvane får også gevir det fyrste leveråret sitt. Geviret er både eit statusymbol og eit kamp - og forsvarsvåpen. Geviret er hårdekt, blodførande og svært følsamt så lenge det er i vekst, men vert hardt før dyra feller det. Dei byster då vekk hårlaget, basten, fyrst.

Pels

Pelsen til reinen er svært tykk, særleg om vinteren. Håra er hòle og luftfylte, som gjev ein svært god isolasjon mot kulde, sno og væte. Reien har tre gonger så mange dekkhår som andre hjortedyr, i tillegg har den eit lag med underull.

Klauver

Klauvene er runde og breie, og fungerar som trugar i snoen. Dei er også svært spisse og kvasse og vert bruka til å grave fram beite frå is og sno.

Luktesans

Luktesansen til reinen er særleg godt utvikla. Dyra har fleire duftkjertlar på kroppen, og lukt vert nytta i kommunikasjonen mellom dyra. Dei kan også lukte seg fram til lav heilt ned til 60 cm under snoen.

Melting og fordøying

Reinen kan overleve ein vinter nesten utan protein i fôret Mykje av vinterbeitet for rein er lav, dersom det er å finne. Laven inneheld lettfordøyelege karbohydrat, men svært lite protein. Lav er difor egna til å dekke vedlikehaldstrongen, men gjev lite næring til å vekse på. Meltingsystemet er då tilpassa dette, medan om våren og sommaren og utover hausten må reinen leite opp dei mest næringsrike plantene dei finn for å sikre veksten og opplagsnæringa.

UV syn

Nyare forskning har påvisa at reinen kan registrere UV lys. Snoen reflekterar mykje av UV-lyset, og i eit kvitt landskap vil då reinen kunne sjå betre kontrastar og det som absorberer UV-lyset. Fleire av beiteplantene, m.a. lav, vil då verte tydlegare, likeeins vil andre dyr, t.d. ulv, verte lettare å få auga på for reinen.