FOTAVTRYKK - Skuleopplegg

Fjellrein lanserer i desse dagane eit heilt nytt skuleopplegg. Det fyrste i slageren sin heiter Fotavtrykk.

 

Digital bok og skuleopplegg.

I fjellområda våre er det talrike spor etter folk sin bruk av fjellet. Det er mange som har sett fotavtrykk i landskapet. I «Fotavtrykk» har me sett fokus på samane sitt avtrykk i fjella i sør.

Samane er eit sporlaust folk, likevel finn ein mange spor etter den samiske historien i fjellområda utanfor dei samiske områda. Det kan vera i forteljingar, i vår felles kulturarv og i kunnskapsutvekslinga som mange fjellbygder har hatt med det samiske.

Me ynskjer å vise nærleiken til det samiske som ligg i vår felles kultur. Kunnskap ein har fått m.a. på grunn av tamreidrift som mange fjellområde har hatt. Men også på grunn av livsvilkåra og samkvem mellom fjellfolk gjennom tidene.

Me ynskjer også å vise at den immaterielle kulturarven og den lokale og den samiske tradisjonskunnskapen, er viktig å ta med seg inn i framtida. Ikkje minst kan me lære mykje om respekt for naturen, og om korleis me kan utøve «berekraft» i praksis. Her ligg det mykje kunnskap og kompetanse som vil vera viktig for korleis me ser på naturen i kring oss, og korleis me kan ta vare på han også for komande generasjonar.

Me ynskjer å setje fokus på samanhengar og korleis desse tema er tett knytt saman.

I «Fotavtrykk» ynskjer me å lage eit bakgrunnsteppe for arbeidet i skulen. Det kan vera tema som er knytt til samanes nasjonaldag, reinen som kulturberar og tradisjonskunnskapen som er knytt til fjellet.

 

  • «Fotavtrykk» er ei digital bok. I skulesamanheng er boka tenkt fyrst og fremst for læraren. Noko av teksten kan også egne seg som sjølvstudie for elevane, eller kan lesast høgt.
  • Læraren kan velje ut kva stoff som er aktuelt. Mykje av tema er tverrfagleg. Det ligg også med ei Power Point-mal som kan nyttast og tilretteleggast til dykkar eigne opplegg.
  • Det ligg med eit hefte med forslag til oppgåver og aktivitetar. Oppgåvene kan veljast ut etter tema og fag.
  • Det fylgjer også med ei materiellkasse. Her får de materiell til praktiske øvingar: M.a. ferdig oppskorne gevirskiver som kan pussast og polerast til smykke. Her ligg òg ein ring som har både reinskinn til å ta og kjenne på. I tillegg er det eit årshjul som kan brukast som mal til oppgåva «gevir gjennom året». Instruksjonar for dette fylgjer med.

 

Kompetanse- og læreplanmål

Me har teke utgangspunkt i dei nye læreplanmåla i Fagfornyinga, som skal takast i bruk i skuleåret 2020/21. Hovudmålgruppa er 5.-7.trinn.

Mange av tema i «Fotavtrykk» er tverrfaglege, og går inn i den overordna delen på fleire punkt.