Der reinen går er jorda freda
Føreord
«Der reinen går er jorda freda» er laga av Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg i Fjellrein. Det er Ragnhild som har ført orda, og boka er illustrert og fargesett av Tove.
Samarbeidet vårt starta i 2018. Me møtte kvarandre i ynskjet om å kunne formidle kunnskap om rein og fjell på ein annan måte, å fortelje nokre av historiene som ligg gøymt i naturen og å vise noko av det stille landskapet som kan seia oss så mykje.
Boka handlar om reinsdyr. Me har valt å ta utgangspunkt i dei åtte årstidene. Me ynskjer å fylgje reinen gjennom året, med fakta, men også med historiar.
Me har valt å dele inn boka slik:
- Sider med mørkegrøne felt er tenkt som stoff til fordjuping.
- Sider med lysegrøne felt, «Visste du at», er faktastoff.
- Vanskelege ord har me samla til kvart avsnitt.
- Kjelder, litteratur og nettsider ein kan bruke vidare ligg under «Her kan du lesa meir».
Forteljinga om fjellreinjenta har Ragnhild frå si eiga historie og oppvekst.
I prosjektet er det fleire som har vore til stor hjelp, til inspirasjon og støtte. Me ynskjer å takke særskilt Marianne Singsaas på Villreinsenteret Sør, Skinnarbu, som heile tida har trudd på oss og oppmuntra og hjelpt oss vidare. Ein stor takk også til Kjell Bitustøyl, som gav ein god start i Bykle med sitt eiga bokprosjekt om tamreindrift i Setesdal. Han har vore ein god mentor. Me vil også takke Unn Hovden som førde oss saman, og Leif Kvinlog og dei andre i Bykle kommune som hjelpte oss å koma i gong. Og sjølvsagt takkar me familiane våre.
Me håpar at mange får glede av boka, og at ho vert brukt.
Her finner du boken: