Vinter

Posted by Ragnhild Bjåen on

Så har sola snudd, dagane vert lysare, sakte, men litt lenger for kvar dag. Det er vinter. Snøen hard og isete etter føykje og vind. Rabbane stikk opp. Snøbylgjene teiknar mønster på dei hardblåste flottene. 

I det snødekte landskapet går reinen, på leiting etter mat, etter ro, trekker mot vinden- kva ligg føre? Klauver som ber på snøen, som slår  gjennom den harde skareskorpa, lav kan dei lukte gjennom ein halv meter med snø. Lyng og mose, også den tynne skorpa med lav på stein og berg vert føde i vintermånadane. 

Reinsflokken delar seg oftast etter at bukkane har felt geviret, i november - desember. Då held simlene og ungdyra mest saman, medan bukkane dreg ut for seg sjølve i mindre flokkar. No er det simlene som har gevir, og dei kan jaga vekk dei andre dyra for å finne den beste maten til seg og fosteret som skal vekse inne i dei. 

Når reinen går saman i flokkar, er dei betre verna for rovdyr. Dei er også fleire til å grava fram maten i snøen, og fleire til å halde vakt. Reinen har svært god luktesans og brukar vinden for å kjenne framande luktar. Er det vanskelege vintrar, vil reinen dela seg opp i mindre flokkar. 

Vinteren er ei utfordrande tid for reinen, sjølv om ingen dyr toler kulde og snø så godt som reinsdyr. Det er ingen andre hjortedyr som har så tykk pels med så mange, tynne ullhår. Dei isolerer så godt at snøen ikkje ein- gong tinar på bakken der reinsdyra har lege. Og så har reinen tre gonger så mange dekkhår som elg og hjort. Dei lange dekkhåra fangar lufta og tek av for vind og væte. Sjølv mulen er dekt av hår. 

Klauvene er runde og ber godt i laus snø, nett som trugar. Reinsdyra brukar dei til å grava og hogge seg gjennom snø- og islaga. Dei har også eit syn som oppfattar ultrafiolett lys (UV-lys). Det gjer at dei ser godt i kvite landskap og kan sjå både terrenget og rovdyr betre. 

Det vanskelegaste for reinen om vinteren er å finne nok mat. Den mest van- lege vinterføda er lav. Lav veks på rabbar og toppar der vinden blæs av det meste av snøen. Men dei et også lyng, visna gras, mose og knoppar av dvergbjørk der dei finn dette. Det kan vera vanskeleg å koma ned til lavet dersom det er mykje is og snø. Reinen grev seg gjennom snøen og lagar beitegroper. Dei runde, harde, spisse klauvene er gode å grava med, og dei kan hogge seg gjennom harde snø- og islag. Det er lettast å grava fram lav og lyng på fjellrabbane og høgdene der snøen har blåse av. Når dei grev, sparkar dei også laus mykje lav, og ein del av dette blir liggande bakanfor beitegropene. Desse lavrestane kan vera viktige for dyr som har låg status, og som ikkje får tak i gode beiteplassar sjølve. 

Dei tøffaste vintrane for reinen er når det er mildt og mykje nedbør. Då vil det leggje seg eit tykt islag over marka, og det blir endå vanskelegare å grave fram maten. Dersom det i tillegg er mykje snø, er det langt ned til maten sjølv der det ikkje er is. Reinen kan lukte lav gjennom 60 cm med snø! 

I slike vintrar er det enklast for reinen å nå ned til lav som veks på stein og berg. Men å gnage av lav frå steinane, slit veldig på tennene. Og å få nedslitne tenner er kritisk, for utan tenner er det vanskeleg å overleva. Reinen kan også trekkje ned i skogen for å eta lav av trestammer, og kanskje er det mindre is på marka der. 

Det er difor viktig at reinen har stort nok område til å kunne finne det beste beitet om vinteren, og slik at dei ikkje blir uroa. Dersom reinen blir skremd, får han ikkje tid til å grava fram beitet og finne seg nok mat. Då må dei i staden bruke energi på å rømme frå farar. 

I uvêr er det vanskeleg for reinen å grave groper. Ofte legg dyra seg ned og let snøen føykje over seg til dei verste byene er over. Nokre dyr står likevel nesten alltid fremst i flokken, med hovudet mot vinden og snøføykja. Etter ei stund går dei og legg seg bakarst i flokken der det er meir ly, og så er det nokre andre som tek fremste vakta. Slik skifter dei på gjennom uvêret. Det ser ut til at det alltid er nokon som er på vakt. Om vinteren brukar reinen omlag halvparten av tida på beiting, litt mindre på kvile og resten på å gå og til «sosiale aktivitetar». 

Reinen vil vandre til områda der det er lettast å finne mat om vinteren. I spora av reinsflokken kan ein ofte sjå jerv, som også er på leiting etter mat. Eller ulv, dersom han er i området. Fjellrypa får også hjelp av reinen til å finne mat. Ho likar seg der reinen har vore fyrst og grave fram vegetasjonen.