I dag er det den kortaste dagen i året. Framover vert dagane lysare. Nesten umerkeleg, likevel så merkbart. Dagslyset varer lenger, solstrålane varmar meir. Litt og litt. Dag for dag. Kvart år.
10. april 2019 kl. 11.00 skriv forfattar Ragnhild Bjåen eit dikt. Ho er på fjellet, på Bjåen ved Hovden i Setesdal. På same tid, utan å vita om kvarandre, sit kunstnaren Tove Hertzberg ved havet i Lillesand og skriv også eit dikt. Båe dikta skildrar ei kopling til jorda. Her er dikta:
Ragnhild Bjåen:
Ser du regn
vis meg havet
Ser du vind
vis meg fjella
Ser du sol
vis meg uendelegheten
Du
gullglitrande stråle
for 200 millionar år vart du danna
molekyl i ein eksplosjon i kjernen for alt liv
200 millionar år tok det deg å nå overflata av den gule stjerna
og så
8 minutt
gjennom galaksar og univers
for nett no å treffe andlitet mitt.
Sende varme gjennom meg.
Setje soldryss på kinnet mitt.
Ein tiandel av eit sekund står tida stille i gullskin.
Ser du sol
vis meg uendelegheten.
Tove Hertzberg:
Det du ser, er deg.Du er en del av alt.
Det du gjør mot henne,
gjør du mot deg selv.
Elsk henne, elsk deg selv.
Kjenn hennes varme, din varme.
Se hennes renhet, din renhet.
Kjenn hennes hjerteslag,
de slår i takt med dine.
Fordi dere er ett.
Blomstre med henne, leve med henne. Vare en del av alt.
Aldri la deg frykte fordi det er ikke hennes hensikt.
Bli med henne i kjærlighet.
Vær jorden.
Slik føregjeng samarbeidet mellom forfattar Ragnhild Bjåen og kunstnar Tove Hertzberg. Dei utfyller kvarandre, tenker same tankar og kjenner den same koplinga til jorda. Dei kjenner på sårbarheten i naturen og utfordringane som er aktuelle i denne tida me lever i. Deira ynskje er å inspirere born og vaksne til å verdsetje dei vakre fjella der reinsdyra bur.
For der reinen går er jorda freda.