Reinskalven sin joik av Marja Mortensson

Posted by Tove Hertzberg on

Høyrer du reinskalven sin joik, Miesiej vuelie?

 

Musikken i Kulturbua Fjellrein er av Marja Mortensson, ein ung, sørsamisk artist frå Svahken sïjte i Engerdal kommune.

 

Og det er så ein kan kjenne den mjuke pelsen, den vesle mulen og den vare pusten til den sårbare, nye kalven som kjem til på snøfonna.

 

Marja Mortensson har vakse opp i ein reindriftsfamilie, og er sterkt forankra i reindrifta og den sørsamiske kulturen. Ikkje minst er ho og familien hennar ein forkjempar for det sørsamiske språket. Og ho har i ung alder gjort utmerkt seg musikalsk. Ho har teke opp att ein tradisjon som nesten har vorte borte, i tillegg komponerar og lagar ho sine eigne joikar og tekstar.

 

No kan du sjå og høyre ho tolke andre artistar sine songar, i programet «De neste» på NRK og NRK TV. I 2019 vann ho Spelemannsprisen for albumet Mojhtestasse - Cultural Heirlooms.

 

Det vert sagt at «Marja driver musikalsk nybrotts- og bergingsarbeid ved å synge på morsmålet sitt, sørsamisk, hjertespråket som nesten forsvant under myndighetenes fornorskingstrykk».

 

Marja har også ein nær tilknytning til Fjellgardane og Setesdal. Fleire av slektningane hennar, mellom anna både bestefar og oldefar hennar, var fleire år i Bykleheiane og arbeidde med tamreindrifta. Oldefar hennar, Matheus Mortensson, var hovudgjetar i fleire periodar frå 1950 og framover.

 

I 2015 var Marja med på kulturminnedagane i Bykle, som handla om tamreindrifta. Ho og kvedaren Sigrid Jore hadde mellom anna ein uforgløymeleg konsert på Galten, ein fin haustdag seint i september. 

 

Med seg på denne turen hadde Marja farmor si, aehtjieaahka, Inga Mortensson. Det var ei fin stund me hadde kring kjøkenbordet på Bjåen Fjellstove, der Inga fortalde at «her hadde ho sete før», for 50 år sidan då ho besøkte forloveden sin, Rikhard, som gjette her.

 

I fjor haust vart Inga Mortensson utnemnd til æresdoktar ved World Indigenous Nations University (WINU), for arbeidet sitt med å overføre tradisjonell samisk kunnskap i skulen og til komande generasjonar.

 

Sjå meir på Marja si heimeside her: http://www.marjamortensson.no/bio.

 

I podcasten «Tett på» kan ein høyre både ho sjølv og Inga, der dei fortel om sørsamisk kvardag, språk og musikk: https://radio.nrk.no/serie/tett-paa-sapmi/sesong/201911/SAPR07004319

 

Bladet Folkemusikk har også skrive om Marja og platene ho har gjeve ut: https://www.folkemusikk.no/marja-mortensson-mojhtestasse/

 

Skreve av Ragnhild Bjåen

Illustrasjon av Tove Hertzberg