Mi bestemor

Posted by Tove Hertzberg on

 

Mi bestemor blåser vinden over myrene. Mi bestemor blåser vinden over fjellene. Jeg blåser med ho. Jeg reiser med ho.
Mi bestemor danser over myrene. Mi bestemor danser over fjellene. Jeg danser med ho. Jeg reiser med ho.
Georg Buljo / Marja Mortensson

 

 

Mi bestor, gome, heitte Ingebjørg. Ho var oppvaksen i Flårenden i Hylestad, og vart gift med gofa min Aslak. Han kom frå Bjåen, den øvste garden i Fjellgardane i Bykle. Bjåen var veglaus og langt til fjells den tid. Frå Flårenden var det ei heil reise.

 

Korleis var det for ho å koma hit til desse fjellgardane?

 

Gome lika nok det ho kom til; fjella, dei store vatna, dei vide flottene. Men mest av alt lika ho den høge himmelen, sa ho til meg. Den store himmelkvelven over randa av fjell og nutar. Det skarpe vårlyset, når snøen enno ligg og sola går høgt og rekk nesten ikkje å kverve før dagen gryr på ny. Skyene i vare fargar som syner korleis vèret vert i dag og i morgo. Gneistrande stjerner og bleikt måneskin.

 

Minst av alt lika ho den lange vinteren. Snøen som låg så djup at dei grov tunell frå stova til fjøset. Føykja og stormen som kunne riste i huset. Når vinteren og kulda kom flytte dei divanen inn på kjøkenet. Den store vedkomfyren var varm og lun. Parafinlampene gav akkurat nok lys til gjeremåla om kvelden. Spiting, bøting, spikking. Dikting og forteljing.

 

Forteljingar som gjekk frå mor til son, frå far til dotter. Eventyr, segn, historiar om tussar og tussekyr, hulder og trollbukkar. Stev og viser. Om dei som var før oss. Forteljingar om levde liv. Forteljingar om livet i seg sjølv.

 

Radioen var nok eit godt selskap. Og sjeldan var dei åleine i stoga, sjølv midtvinters. Her kom reinsgjetarane opp om kvelden for ein prat, her kom slekt og vener på vitjing. Ikkje for ein kveld, men for dagesvis. Det var langt å gå. Brøyta vart det ikkje før på slutten av 60-talet.

 

Det var arbeid. Ute og inne. Frå tidleg morgon til sein kveld. Slit, kulde, einsemnd. Men også latter, varme, samhald.

 

Det var sjølve livet.
 
Her er ho vigsla, her er ho vogga.
Ive vidd og vangar hev ho lædt og lokka.
Her trødd ho dansen som mogjen møy.
He hev ho falma som håma høy.
 
I fjødd og finne, i gras og grjoe
Der hev jenta mi lædt og kvoi
Der hev ho tralla, der hev ho lædt.
Og der hev ho gråti med ho hev gjætt.
 
Stev frå Setesdal, frå gome Ingebjørg

 

 

Og i fjell og finne, med vinden som blafrar i kvit myrull, i stein og bjørkeskog, ligg spora etter så mange levde liv. Spor etter slit, etter latter, etter arbeid, etter kvile. Det er her, i landskapet kring oss. Dansande med oss.

 

Skreve av Ragnhild Bjåen