La fjellan leve!

Posted by Ragnhild Bjåen on

Fredag 03.03.2023

La fjellan leve!
Baajh vaeride årrodh!

I dag skulle me gjerne ha vore i hovudstaden. Me ville gjerne ha vore der og støtta og heidra aksjonane til støtte for Fosen. Dei som har fått opp fokuset på menneskerett, urfolk og samiske folk sine rettar til å utøve sin eigen kultur. Dei som har sett ein tradisjonell levemåte avhengig av natur og beitefjell opp mot storsamfunnet sine «rasjonelle» og «økonomiske» krav.

Uredde og kraftfulle ungdomar har endeleg fått regjering i tale. Avslutninga med ei stille markering framom slottet og Kongen i Statsråd. Etter over 500 dagar med brot på menneskerettar og over 20 års kamp for fjella på Fosen. Det gjer inntrykk.

Vegen til hovudstaden vart for oss i dag litt for lang, og oppgåvene heime litt for mange. Men me heisar det samiske flagget og sender over både støttande og takksame tankar. Og gler oss til streama støttekonsert frå Rikscenen i kveld.

«La det ikkje bli stille», sa Ella Marie. «La det ikkje bli stille, det er no arbeidet kan ta til». Det vil verte ei spanande tid framover.

Denne veka har truleg det norske folk vorte meir opplyste om både samiskkultur, menneskerettar og urfolkskonvensjon. Det har vorte klart at øvrigheta kan ikkje lenger tie i hel, ikkje lenger usynleggjera, oversjå og forvri. Her er ei urkraft som er sterkare enn både regjering og storsamfunn rekna med.

Og denne krafta gjev ringverknadar. Krafta bles liv i vindar, vindar som også bles over alle fjell. Krafta vil gje styrke til å kjempe vidare for Fosensamane sin rett til å utøve reinsdrift og sin eigen kultur, til andre samiske område og urfolk som står i det same. Truleg vil me kjenne på litt av same kampen i villreinfjell også.

Håpet må vera at denne krafta også vil gje meir forståing og respekt. Forståing for kvifor arealet som beiteområde på Fosen er så viktig. Forståing av kvifor det difor er vanskeleg med andre «avbøtande» tiltak. Forståing av kor viktig naturen er for oss menneske, for samisk kultur og vår felles kulturarv.

Ei forståing for at ein kan ikkje lausrive menneske frå naturen. At naturen er grunnlaget for oss alle. Respekt for urfolk sin kunnskap og all tradisjonsboren kunnskap. Ein kunnskap som me vil få bruk for i framtida. Som vil verte viktig for barna våre, med dei utfordringane som jorda no står ovanfor. Og at ein slik kunnskap treng ein levande kultur for å overleve.

Reinen er den viktigaste kulturberaren i vår natur. Reinen la grunnlaget for europeisk sivilisasjon, for menneska som trekte etter reinen langs iskanten var avhengig av mat og varme som reinen kunne gje. Reinen er ein viktig del av vår identitet, spesielt for det samiske, men også for fjellbygdene. Og villreinen er Noregs ansvarsart, som Noreg har fått eit særskilt ansvar for å ta vare på. Tamrein og villrein er same art. Dei har same trong for areal for å kunne ha ei naturleg åtferd i leveområdet sitt.

Der reinen går er jorda freda.

I dag pakkar me også bøker og sender i posten. Me sender boka vår «Der reinen går er jorda freda» til statsminister Jonas Gahr Støre, olje- og energiminster Terje Aasland, miljøminister Espen Barth Eide, til justisminister og landbruksminister.  

Håpet er at me kan vera med på å formidle kunnskap som vil vera med på å auke forståing og respekt. For naturen og dei økologiske samanhengane, for rein, for samisk kultur og fjellkultur, for samspelet i naturen og samspelet mellom natur og menneske.  

Dette er ein kamp som bør vera viktig for oss alle.

Takk til dykk alle som har kjempa.
Takk til aksjonistane med Ella Marie Hætta Isaksen i spissen, som har formidla med ein verdighet og autoritet som me sjeldan ser. Takk til Sametingspresident Silje Karine Muotka som så roleg og trygg har formidla kunnskap og forståing om problematikken. Og ikkje minst, takk til reindriftsutøvarar på Fosen som har kjempa i så mange år utan å gje opp.

Det gjev håp.

Gæjhtoe.
La det ikkje bli stille.