Har du teke deg tid til å lytte til stilla i kulturbua vår? -Late døra gå igjen og opne sansane for den stille kommunikasjonen? I bua ynskjer fjella og dyra som lever der å snakka til deg.
I fjella rundt Hovden held Europas sørlegaste villreinstamme til. Dette er eit urdyr som har klart seg gjennom alle endringar jorda har hatt dei siste 30. - 40.000 år. Det er reinen som dannar grunnlag for all kultur i Europa. I dag lever 90% av underarten vill tundrarein i Noreg, noko som gjev oss ein spesielt ansvar for å taka vare på villreinen. Dette er unikt for nettopp Hovden.
Velkomen inn i det stille rommet i Hovden sentrum.